annonse

Voss pustar Bergen i nakken

PÅ VANGEN
PÅ VANGEN: Camilla Holt, Victoria Granerud og William Granerud på handling på Vangen. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Voss har avansert til ein sikker og soleklar andreplass i fylket over handel målt per innbyggjar.

I tillegg pustar Voss sjølvaste Bergen i nakken. Held veksten fram, kan me etter kvart koma til å passera storbyen i vest.

VOSS HAR SOM mål å vera regionsenter, handelssenter og eitt av dei fremste reiselivsmåla i Norden. Utviklinga viser at Voss er på rett veg ut frå desse måla.

FOR ÅTTE-NI ÅR sidan låg Voss på fjerdeplass i fylket. Framføre oss hadde me både Bergen, Fjell og Lindås.

Sidan den gongen er Fjell og Lindås distanserte av Voss. Det har skjedd ei kraftig utvikling i Voss sin favør.

HYTTEBYGGINGA PÅ VOSS er naturleg nok ein viktig faktor i veksten. I tillegg fylgjer meir handel med den aukande turismen.

HARDANGERBRUA HAR OGSÅ ført nye handlande til Voss frå sørsida av Hardangerfjorden.

Sannsynlegvis er mindre handelslekkasje frå vossingane sjølve også ein del av biletet. Totalt på Vangen, Amfi, Voss Handelshus og sentera i Skulestadmo og Palmafossen har bygda fått eit butikkutval i ein heilt annan klasse enn for 10-15 år sidan.

Kor heldig dei spreidde sentera er, er eit anna tema. Men dei gjev handlande eit mykje breiare tilbod.

HANDELEN MEDFØRER OGSÅ negative sider. Den produserer store mengder avfall som plast, som me slett ikkje likar å få på avvegar. Og me kan spørja oss kor heldig eit stadig veksande forbruk er.

PÅ DEN ANDRE sida har folk i dag mykje pengar som dei ynskjer å bruka. Dersom ikkje me her på Voss har desse tilboda, vert pengane brukte andre stader.

DERFOR MÅ ME stella oss slik at Voss klarer å handtera også dei negative sidene. Her gjeld det at bygda er i forkant med å ivareta ei grøn utvikling. Den viktigaste kapitalen vår er fin og rein natur.

NETTHANDELEN ER OGSÅ i sterk vekst, som vil halda fram. Dette er eit trugsmål mot dei vanlege butikkane.

Her bør me spørja oss om me vil bidra til å føra pengar ut av bygda og styrkja arbeidsplassar andre stader.

Eller vil me støtta opp om våre eksisterande tilbod, og med det også lokale arbeidsplassar?

TING ENDRAR SEG raskt. Det er for seint å angra den dagen gråpapira heng i vindauget, og lokale tilbod er lagt ned. Meir handel og liv på Vangen er avgjerande.

For om enn handelen veks totalt sett, er det ikkje gull og grøne skogar hjå alle.

I ULVIK HAR det vore hard diskusjon om cruisekai siste året. «Konkurrenten» Eidfjord ligg høgt på handelsstatistikken, medan Ulvik ligg nær botnen.

Alle hyttene er éi viktig årsak til det store handelsvolumet i Eidfjord.

Men me kan også slå fast at alle cruiseskipa som legg til kai i Eidfjord bidreg til dei hyggjelege tala i kommunen. Då kjem det an på kva folket vil sjølve.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.