annonse

Vossapakko er i hamn

HOLVEN
HOLVEN: – 2,1 milliardar kroner er investert i sju solide vegprosjekt på Voss, i Granvin og på Stanghelle. Mykje bra har skjedd, skriv Hordaland på leiarplass. Her frå opninga av vegen forbi Holven i går. (Foto: Sigrid Seim)

Med opninga av vegen forbi Holven i Granvin i går, er Vossapakko fullført. Ein milestolpe er dermed nådd.

2,1 MILLIARDAR KRONER er investert i sju solide vegprosjekt på Voss, i Granvin og på Stanghelle.

PROSJEKTA OMFATTAR VANGSTUNNELEN, ny veg Palmafossen–Mønshaugen, Tunsbergtunnelen, Jobergtunnelen og nytt kryss på Stanghelle.

I tillegg er Vangen og Skjervet rusta opp.

MYKJE BRA HAR skjedd. Miljømessig er det viktigaste at tungtrafikken er flytta ut frå Vangen og til Vangstunnelen.

Øvre Vassenden i Granvin er kvitt trafikken som gjekk rett utanfor husdørene. Folka som bur der har fått eit nytt liv.

MED TANKE PÅ rasfare, så har Jobergtunnelen auka tryggleiken.

FRAMKOMELEGHEITA ER BLITT betre. Dei som skal fort fram, tek seg mykje raskare forbi Voss utan å måtta plaga tettstaden.

Tunsbergtunnelen forbi Skjervet kortar ned køyretida mellom Voss og Granvin vesentleg, og har lagt litt av grunnlaget for kommunesamanslåinga.

OGSÅ PARSELLEN FRÅ Palmafossen til Mønshaugen gjev mykje betre og tryggare trafikkavvikling.

Trafikkfella Encon-krysset er rydda opp i, men det er gjort på sida av Vossapakko.

PÅ HEILE STREKKJA som tidlegare var ulukkesutsett, har talet på trafikkulukker gått monaleg ned.

No er også leire-grunnen forbi Holven sikra for framtida. Det ser bra ut, sjølv om det vart dyrt og kosta 100 millionar ekstra.

OPPI ALL DENNE vegbygginga, kan me hugsa på og trekkja fram folket sine bidrag.

Me trafikantane betaler mesteparten av gildet med 53 prosent av kostnaden. Resten er statlege midlar.

NÅR ME SER resultatet, er det god grunn til å meina at Vossapakko har blitt eit vellukka spleiselag der folk flest ber tyngste lasset.

FRAMLEIS ER LIKEVEL mykje ugjort i distriktet vårt. Behovet er skrikande for sikrare og betre E16 frå Sogn grense til Arna.

IKKJE MINST ER det viktig at Vossebanen vert raskare, tryggare og betre. Her kjem stadig nye slag å utkjempa.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.