OBS! OBS! Pass på fjellskoa dine i fjellet!

Eg vart overraska og trudde ikkje mine eigne auger då eg var på stølen nyleg.

Publisert 11.08.2011 kl 09:43 Oppdatert 11.08.2011 kl 09:43

Tips ein venn på e-post:

Lesarane meiner

Pga. litt skitne fjellsko valde eg å setja dei utafor selsdøra. Dei stod heilt inntil veggen og det er eit gjerde utafor. Sette dei der før eg la meg om kvelden.

Då eg kom ut ca. kl. 06.00 om morgonen fann eg eine skoen henslengt utafor gjerdet og den andre skoen var ikkje å sjå – borte vekk! Eg tenkte med meg sjølv at dette er for utruleg. Såg rundt selet og nærområdet, men skoen var vekke.

Gjekk inn at i selet og fortalde det til mann og tanteunge. Dei trudde at eg spøkte med dei! Men dei skjønte fort at dette var ingen spøk. Det vart leiteaksjon – og kor skal ein byrja å leita i fjellet etter ein forsvunnen fjellsko? Først leita dei to andre, då tanteungen gjekk lei lånte eg han sine sko og fortsatte å leita sjølv. Etter ei god stund med leiting i fleire retningar, var eg kommen til ei myr eit godt stykke frå selet. Såg det låg noko brunt lenger borte og tenkte kva er dette?

Er det eit dyr? Då eg kom nærmare kunne eg med glede konstatera at det var den forsvunne fjellskoen min som låg midt på myra. Like heil og fin – men den hadde vore på vandring utan meg.

Glad og fornøgd tusla eg tilbake til selet. Men eg undrast og lurar på kven er skotjuven min? Så mi oppfordring er: pass på skoa dine i fjellet, ikkje la dei stå ubevakta ute om natta!

På forsiden nå


...

Juniorlaget imponerte

Fotball Fbk Voss sitt juniorlag vann 3-1 over Hallingdal laurdag, og går dermed vidare til tredje runde i NM. Les meir

...

Helsesam humor

Kultur Revygjengen i Haugsvik trør til igjen, med nye sprelske påfunn som gjer publikum "hoppande gla". Les meir

17.mai-foto Voss

...

Alle foto: Knut Saglien

Sjå bilete

17. mai-foto

...

Epost:galleri@avisa-hordaland.no, MMS: 2005, kodeord hofoto

Sjå bilete

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.