Statistikk, Staten og nokre spark

Helleve og Andersen (HA) er frampå att 7. februar, med store mengder tal og statistikk, til støtte for ein noko uklar bodskap. Statistikk og gjennomsnittsvurderingar er nyttig, men ikkje til alle føremål.

Publisert 14.02.2012 kl 17:32 Oppdatert 14.02.2012 kl 17:32

Tips ein venn på e-post:


Redaktøren meiner

Døme: Årsmiddeltemperaturen for Voss, er på fleire plussgradar. Fylgjeleg er det i gjennomsnitt «taoe», og då er det bortkasta å bruka pengar på å brøyta og strø. Sjølv om dette er sant, er det ikkje alle som vil oppfatta det som spesielt klokt?

Når HA t.d. nyttar historisk kraftbalanse med utlandet som argument mot oppgradering av det nasjonale stamnettet, er det klokt? Den som skal planleggja for framtida, bør han ikkje ha meir fokus på kva ein kan venta av ytterpunkt og hendingar i kommande tiår, framfor å studera historiske middelverdiar? Så gir HA meg først rett i at det er skilnad på Statnett og Statkraft, for i same setning å påstå at der er ikkje nokon skilnad likevel! Truleg er det stavinga «Stat», som fungerer som ein raud klut. (At det er grupperingar som nyttar Staten og Stalin som likeverdige skjellsord, er ikkje noko nytt, men at HA høyrer til på den kanten, var nytt.)

Lenger nede kjem så ei overrasking, der dei fortel om noko dei er «for», det dei kallar «topris på straum». Dette går ut på at folk sitt forbruk skal delast i to kategoriar, «vanleg» og «luksus», og alle som ikkje forstår at dette er mogeleg, «har eit stort forklaringsproblem» seier dei. Ja det stemmer, når dei først utpeikar Staten og litt seinare også EU som motstandarar, så forstår ikkje eg korleis eit slikt tiltak skal setjast ut i livet? Skal «Folket» som nett har kjempa seg gjennom ei smørkrise, ut og granska kvarandre på jakt etter «luksus»? Vil ikkje det bli eit salig lurveleven utan ein felles «syndebukk»? (Kanskje greitt då at Staten har vedteke 8760 prisar frå 2017, AMS.)

Så påstår dei: «Løkkebø meiner det er strålande bra at me skal ha same høge prisnivå i Noreg som i EU.» Det har eg ikkje sagt, men når ein handlar med andre så påverkar det både pris og varetilgang på godt og vondt. For meg ser det ut til at det norske folk i dag kjem rimeleg positivt ut av handelen med utlandet. Er det så mykje verre at vi eksporterer elektrisitet produsert av fornybare kjelder, enn all den fossile olja og gassen vi håvar inn milliardar på?

Norsk eksport og import er heller ikkje av ny dato. I 1906 starta bygginga av anlegga i Tyssedal og Odda, med føremål industriproduksjon for eksport. Frå 1908 har vasskraftbasert eksportindustri vore ein viktig næring i Hardanger. Andre varer har ei mykje lenger eksporthistorie, som fisk og tømmer. Og import, sjå dykk om i kvardagen, og det står «Made in langtvekkeeinstad » på svært mykje, sjølv heime hos HA.

Til og med nasjonalsymbolet Hardangerbunaden er i dag delvis basert på import, i alle fall gummistøvlane og mobiltelefonen.

Mest lese no

...

Voss fall saman mot Øystese

Fotball Eirik Een og Voss kjempa jamt med Cato Guntveit og Øystese, men då Eirik Hauge vart utvist i 2. omgang fall Voss fullstendig saman. Les meir

...

- Me vil ha merksemd

Voss Saktekøyrde med traktor gjennom gatene og sperra inngangen til tinghuset med traktor og møkavogn Les meir

...

Ny aksjonssesong i Hardanger

Lokalnytt HARDANGER: Laurdag 19. mai går startskotet for ein ny sesong med aksjonar mot Statnett si kraftlinjebygging i Hardanger.Les meir

...

Bøndene sine prisar rasar

Forbrukar I løpet av dei siste 25 åra har prisane på norske bønder sine varer gått kraftig ned, utan at forbrukerane har merka noko til det. Les meir


Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Redaksjonen:

Konst.red.: Geir Geitle
Epost: gg@avisa-hordaland.no
Nettansvarleg: Jan-Egil Dyvik
Epost: jed@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.