annonse

Med hjelp frå Jesus

HELGETANKAR
HELGETANKAR: Av kateket Rønnaug Eng. (Foto: Anne Rivenes/Arkiv)

Forteljinga om mannen som ikkje kunne høyra og hadde vanskeleg for å tala har spreidd seg gjennom land og tid.

Lyden trefte mannen så han skvatt til. Det suste i trea, det kvitra i lufta, det klukka i ein bekk, det var stemmer frå fleire menneske på andre sida av haugen. Han hadde aldri opplevd maken. Og framfor han stod mannen som nett hadde putta fingrane sine i øyro hans og som hadde rørt ved tunga hans.

Det spreidde seg ei varm glede i mannen. Det starta i magen og risla ut i armar og bein. Opp i hovudet og ut av munnen i eit kort jubelrop. Han var overraska sjølv av lyden. Var det hans stemme? Den hadde han aldri høyrd før. Og brått gjekk det opp for han – han kunne høyre. Han kunne forstå kva som vart sagt. Og han kunne snakke slik at dei andre forstod han.

Livet hans vart brått heilt forandra. Livet til familien hans vart brått mykje lettare. Tankane raste rundt i hovudet hans. Aldri hadde han opplevd ein slik augneblink.

Då han hadde fått summa seg litt måtte han takka. Han møtte dei smilande augo til Jesus, men fann knapt orda som kunne romma all takken han hadde inne i seg. Og dei andre, dei som hadde tatt han med til Jesus, dei var like glade, like forundra. Han kunne sjå at Jesus delte gleda med dei.

Så gav han dei det heilt umoglege forbodet. Dei fekk ikkje lov å fortelja dette til nokon. Kvifor i alle dagar sa han det? Gjekk det an å ikkje fortelja noko så stort? Alle som kjende den døve kom jo til å oppdaga at han høyrde. Dei kom til å skjøna alt han sa. Korleis kunne dei tru at ikkje naboane oppe i gata vil fortelja at mannen hadde fått både høyrsel og tale fiksa? Korleis skulle dei kunna skjula ei slik glede?

Dei kunne ikkje det. Forteljinga om mannen som ikkje kunne høyra og hadde vanskeleg for å tala har spreidd seg gjennom land og tid. Over heile verda kan folk lesa om det som hende denne eine mannen. Den står fortald i Markus 7,31-37.

Forteljinga står der som eit eksempel på kva Jesus gjorde for menneske han møtte. Eit eksempel på at Jesus gjorde umogelege ting. Som eit eksempel på det gode Jesus gjorde. Det var det menneska såg – at det skjedde gode ting der Jesus var.

Dei fleste som kom nær Jesus fekk livet sitt endra. For meg ser det ut som den endringa alltid var til det gode. Dei som møtte Jesus vart betre utgåver av seg sjølve. Dei vart tryggare, gladare og opnare for andre.

Skal tru om ikkje det same kan skje i dag. Skal tru om ikkje Jesus kan opne øyrer slik at me verkeleg kan høyre det andre seier bak alle orda. Skal tru om han ikkje kan hjelpa oss å tala slik at me ikkje misforstår kvarandre. Skal tru om ikkje Jesus kan gjera under i kommunikasjon mellom menneske som både har høyrsle og snakketøy i orden. Skal tru om me ikkje oftare burde gå til Jesus og be om hjelp.

Rønnaug Eng, kateket

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.