annonse

Om å knela for makta

KVITANESEN
KVITANESEN: Torbjørn Ljones. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

Du hendelse! No skal gifting verta den nye turistmagneten i Ulvik! Dei ventar seg eit renn av sprengkåte par utanfor Hauge-senteret.

Sume gifter seg for seint og sume for fort. Dei fleste har det som meg og må gifta seg. Då har ein nesten ikkje tid å venta på at ordføraren skal finna fram kjede og kappe, om fire veker er barnet fødd og ulukka eit faktum.

Det er Ulvik Bondekvinne­lag som skal sy kappa til ordføraren. Dei har no teke mål både av han og varaordføraren. Gravensarane har tilbode seg å senda éi Odd Nerdrum har lagt etter seg på Spildo, men ho skal ha for mange fargeklattar framme. Kvit må ho sjølvsagt vera, kvit som snjoen som fall i fjor og foten hennar Sjurasigrid som fall på holka i påsken.

Dei lokkar med at det skal vera gratis å gifta seg. Jammen sa eg smør. Berre blomane til bordpynten vil kosta ei lita månadsløn om du gifter deg om vøtren og ikkje kan bruka tiriltunga og forglemmegei. Sidan besten var gift to gonger og eg arva ringane, slapp eg billeg frå Sylvsmidja på Voss. Eg har enno éin i reserve om det skulle koma noko på. Men må du kjøpa inn breie ringar og bakstekjevle i morgongåva, kan bryllaupsnatta kosta meir enn ho smaka.

Dei uroar seg for at fjordabygda kan verta omgjort til eit vilt Las Vegas om ein slepper giftinga fritt. Giftesjuke frå Granvin vil koma roande og ridande i flokkar for å verta velsigna under ordførarbiletet av Ragnvald Fleten i herdadstyresalen. Men eg trur det kan gjerast eit godt makabyte sidan gravensarane har fått eit so fint likhus. Heretter kan hardingane fødast­ på Voss, gifta seg i Ulvik og liggja på likstrå i Graven. Interkommunalt samarbeid på høgt nivå!

Men eg undrar meg litt på kvifor dei valde Hauge-senteret som katedral for gifteriet. Olav venta sjølv i lengste laget med slikt, han vart over sytti før han måtte knela. Det mangla ikkje på tilbod, skriv han i dagboka. Ein gong møtte det han tre kvinner på jernbanestasjonen i Bergen som alle baud han lega for natta.

Til alle ungkarar i Eidfjord og utover mot Odda; skriv poesi, det nyttar. Om ikkje det hjelper, set ein liten ­melodi til versekunsten. Då vil Thorbjørnsen få mykje å gjera til sumars.

Kvitanesen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.