annonse

Om barnetru

HELGETANKAR
HELGETANKAR: Av prost Arild Hellesøy. (Foto: Vidar Herre)

Borna har sin eigen personlegdom og det hender foreldra vert overraska over korleis borna tenkjer, skriv prost Arild Hellesøy.

I jola hadde me barnebarnet vårt, Sara, på besøk. Ho vart fødd 3. august. Me har ikkje sett henne sidan dåpen 8. oktober. På den korte tid har ho vokse. Sjølv om ho berre er nokre månadar gamal, så hadde me ei kjensle av at me vart kjent med henne. Det er som om personlegdomen trer fram sjølv om ho berre er nokre månader gamal.

Det er spennande å følgja med i borna si utvikling. Det var spennande for foreldra til Jesus også. Evangelia fortel ikkje mykje om livet hans frå han vart fødd og til han stod fram offentleg, omtrent 30 år gamal. Teksten for komande sundag er den mest omfattande forteljinga. Jesus er 12 år, og han med foreldra til Jerusalem for å feira påske.

Kort vert det innleidd med at guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han. Det er ikkje sikkert Jesus skilte seg så mykje frå andre gutar. Gutar flest veks og vert sterke. Når dei er 12 år, kan dei ta del i arbeid og gjera god nytte for seg. Dei er nysgjerrige og likar å læra nye ting. Gjennom forteljingar, opplæring og gode førebilete lærer dei å tenkja sjølve og vert meir og meir sjølvstendige. Utviklinga i trua er også naturleg. Forteljingar frå Bibelen lærer dei mykje om trua vår og ho modnast.

Borna vert oppdregne i ein god balanse mellom grensesetjing og fridom. Det er viktig at borna kjenner at dei er elska og at dei høyrer til.

Borna har sin eigen personlegdom og det hender foreldra vert overraska over korleis borna tenkjer. I teksten for komande sundag vert i alle fall foreldra til Jesus overraska. Etter påskehøgtida i Jerusalem var det tid for heimreise. Jesus var ikkje med foreldra då dei fôr. Det tok dei ikkje så tungt. Han var vel i lag med slektningar. Etter ein dag tok dei til å leita etter han. Dei fann han ikkje og reiste attende til Jerusalem. Jesus var vekke i tre dagar. Foreldra var frå seg av redsle. Til slutt fann dei han i tempelet. Der sat han midt mellom lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål.

Her viste Jesus at han ikkje var heilt som andre born. Han hadde kunnskap om trua som langt overgjekk andre gutar på hans alder. Då foreldra fann Jesus, måtte mora gje ha ein mild irettesetjing. Han hadde verkeleg sett ein støkk i dei. Men Jesus svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg måtte vera i huset åt Far min?»

Teksten for sundagen avsluttar kort om ein gut som vart til ein vaksen mann; «Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske».

I kyrkjeåret går me no inn i openberringstida. I denne tida får me høyra tekstar om kven Jesus er. I Lukasevangeliet kap. 2 høyrer me at han voks opp i ein vanleg familie. Samtidig får me høyra om ein ung mann som visste at han hadde eit kall frå Gud.

Jesus er eit føredøme for alle menneske. Forteljinga om Jesus som barn kan vera eit føredøme for borna. Han trudde på Gud og var interessert i å læra meir. Men borna må ikkje stikka av frå foreldra og vera borte i tre dagar utan å seia ifrå kvar dei er.

Ha ei god helg!

Arild Hellesøy, prost

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.