annonse

Ord er ikkje berre ord

HELGETANKAR AV
HELGETANKAR AV: Sokneprest Bjørn Tore Sæle. (Foto: Privat)

Har du nokon gong sagt noko dumt? Om ikkje er det imponerande!

Eg meiner då ikkje dumt som uvitande, men som det å såra andre eller seia noko som er vondt for andre å høyra. Dei fleste har vel erfart at orda våre stundom har gjort ugagn. Somme gongar var orda vel meint, men kom dårleg ut. Andre gongar var orda ikkje godt meinte. Då var det ikkje rart om dei ikkje gjorde godt. Ord har alltid ein verknad, dei er kraftfulle reiskapar til både godt og vondt.

Bibelen samanliknar ord med frø. Det er eit talande bilete. Frø fell i jorda og veks til noko. Når orda er sagt, gjer dei også noko, det veks fram eitkvart i den som høyrer. Av gode ord kan det gode veksa. Born som får høyra at dei er elska og verdifulle, kan kjenna seg trygge. Dei som dagleg må tola spott og hån, vil kjenna at dei orda også gjer noko.

Sundag som kjem kallast Såmannssundag og handlar om Guds ord som frø. Sjølv om vi då kan seia mykje sams om Guds ord og våre ord, så er Guds ord likevel annleis. Dei har i seg skaparkraft frå Skaparen. Våre ord kan gjera ei endring, Guds ord kan skapa av ingenting, slik Gud skapte verda ved sitt ord. Våre ord kan handla om gudstru, Guds ord kan skapa tru. Orda hans kan også avsløra sjølvbedrag og visa sanning. Men Guds ord vil ikkje vondt. Gud er kjærleik, og orda hans vil skapa fast von og trygg tru på Guds kjærleik i Jesus.

Kva vil då skje dersom ingen ord vert sagt? Tale er sølv, tausheit er gull, seier me jo, men det er ei sanning med modifikasjonar. Det finst mange situasjonar der tausheit gjer vondt, medan ord forløyser kjensler, skaper fellesskap og peikar på noko meiningsfullt der me strevar med å finna meining. Er det då tenkjeleg med kyrkje eller tru utan Guds ord? Nei, svarar Paulus i det som er preiketeksten på sundag. For korleis kan me tru på ein me aldri har høyrd om, og korleis kan me høyra utan at det vert forkynt? Trua kjem av den bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord, skriv Paulus. Det er ei skildring det går an å kjenna att. Om ein tenkjer på eiga tru og den historia trua har, vil det undervegs, og ikkje minst i starten, ha vore ord der: Talte ord, skrivne ord, ord forkynt av nokre som sjølv hadde fått forkynt trua av andre før dei. I byrjinga av alt dette står Jesus, han som sende ut læresveinane med oppdrag om å vitna.

På godt og vondt er ord kraftfulle, ord er aldri berre ord. Og Guds ord er noko for seg sjølv. Rom.10,17: «Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.»

Bjørn Tore Sæle, sokneprest

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.