MEIR KOMPLISERT: - Oppstart i 2024 er seinare enn mange ønska seg, men utfordringa er at totalkostnadene på prosjektet har blitt mykje høgare enn først antatt. ARKIVFOTO: Jan Egil Dyvik

- Det finst ingen «quick fix» for ny E16

- Ingen er tent med å gjere seg høg og mørk i denne saka, meiner Torill Eidsheim (H), stortingsrepresentant frå Horda­land.

Publisert 16.03.2017 kl. 16.35. Oppdatert kl. 19.46.

E16 er viktig for heile Hordaland. Den er hovudfartsåra, både for tilknytinga mellom Bergen til Voss og Hardanger-regionen, men også for fleire av traseane mellom Aust- og Vestlandet.

Det har vore ei lang ferd mot vedtak i saka om E16; med debattar i kommunar, fylkesting og storting. Men stortinget sin debatt førre tysdag er faktisk den mest positive. for nærare ei løysing har vi trass alt aldri vore!

Kjersti Toppe omtalar debatten, om forsering av K5-alternativet, som «ein lettvint stortingsdebatt» i sitt innlegg i Hordaland mandag. Kva som skulle vere det lettvinte med denne debatten, undrast eg litt over.

Dødsvegen har denne vegen frå Bergen til Voss vorte døypt.

Og når ein har opplevd ras eller å miste ein ven i trafikken, blir det å ferdast på vegen ei belastning­.

I seinare år har trafikkauken vore formidabel på norske vegar, også på E16. Teknologi og utvikling vil kunne vere på vår side for å handtere utfordringar på lang sikt, men på kort sikt finst dessverre ikkje den optimale quick-fix løysinga.


Ingen er tent med å gjere seg høg og mørk i denne saka, sa eg i debatten og det meiner eg fortsatt.

Det er utruleg nok ikkje så frykteleg mange år sidan denne vegen stod ny, men klima og skredfare har endra seg dramatisk. Den gong vart vegbygginga her sett på som ei «storinvestering» - som sikra vesentleg betre veg til Voss. Lett å vere etter­påklok, men i dag ser vi tydeleg at val av utforming og trasé kunne og burde ha vore annleis. Sjølv om den nye vegen hadde mange positive sider, er E16 i dag blitt ein veg som vekkjer vonde kjensler i mange av oss.

Forventningane har vore store, og det er forståeleg, med ønskje om oppstart i 2021 og at heile vegen skulle inn i kommande NTP-periode. Men lat oss vere etterretteleg om at utgangspunktet var ein Nasjonal transportplan for 2014-2023 der det ikkje var lagt inn verken pengar, prioritering eller ønska forsering av E16.

Fleire strakstiltak har vorte gjort både av forrige regjering og av denne, med romlefelt, nedsette fartsgrenser, forbetring av kryss og tiltak mot ras - fysisk og overvåkning for å varsle på strekninga. Dette ser ut til å ha ført i riktig retning og talet på ulukker er redusert. Dette arbeidet vil fortsetje og det skal på kort sikt gjennomførast oppgradering av tunnelar og fleire rassikringstiltak. Men alle er einige om at dette ikkje er nok, og at det skal byggjast ny trafikksikker veg!


Ny E16 og jernbane frå Arna til Voss er eit omfattande og komplisert anlegg - enten partiet heiter Senterpartiet eller Høgre.

I den såkalla «lettvinte debatten» kom det ikkje ein einaste lovnad om prioritering eller forsering i dei kommande NTP-forslaga frå Arbeiderpartiet eller Senterpartiet, så der får vi vente i spenning.

Regjeringa og samarbeidspartia foreslår å prioritere 15 milliardar kroner dei neste 12 åra til å ruste opp veg og bane mellom Arna og Stanghelle med oppstart i 2024. Det er seinare enn mange ønska seg, men utfordringa er at prosjektet har endra seg grunna nødvendige tilpassingar og utvidingar, noko som har gjort totalkostnadane mykje høgare enn først antatt.

For 15 milliardar kr kunne vi med opprinnelege kostnadsanslag fått til veg til Voss og bane til Stanghelle innan 2029. No strekk dette dessverre ikkje til.

Det biletet og den utfordringa er lik for oss alle!

Regjeringa leverte når det gjaldt raskt vedtak om trasè. Vi i Høgre vil sjå til at det vert halde fullt trykk på planlegginga, og ikkje minst også sjå etter løysingar som kan redusere kostnadar for å få prosjektet fram i køen.