- UFORSVARLEG: - Den store og skremmande auken i rasaktivitet siste åra har skapt ein forverra og heilt uhaldbar situasjon for E16, meiner Frédéric Larsen og Jorunn Ytrefjord. Her frå ras på Hyvingen ved Bolstad i juni i fjor. LESARFOTO

- Liv og helse for dei som køyrer på vegen vert neglisjert

- Det er uakseptabelt at faren for liv og helse for vegfarande på stamvegen mellom landet sine to største byar blir neglisjert slik me opplever det blir gjort.

Publisert 17.03.2017 kl. 05.01. Oppdatert kl. 07.25.

Voss Venstre meiner det er uforsvarleg at E16 ikkje er prioritert til fyrste del av NTP. Den store og skremmande auken i ras­aktivitet siste åra har skapt ein forverra og heilt uhaldbar situasjon, som er verre enn den nokre av dei prioriterte anlegga har.

Det er uakseptabelt at faren for liv og helse for vegfarande på stamvegen mellom landet sine to største byar blir neglisjert slik me opplever det blir gjort. Det er uforståeleg at tryggleik for store og små trafikantar som må bruka veg og bane dagleg, og at føreseieleg og trygg veg for næringsdrivande i distriktet, ikkje skal vega sterkt nok til at prosjektet blir teke inn i fyrste perioden av NTP.

Både Hordaland Venstre og Voss Venstre har heile tida vore klare på at E16 er vår fyrste prioritet i NTP.

Voss Venstre har vore og vil halda fram å vera i dialog med Venstre sin representant i Samferdslekomiteen, Abid Raja, og med stortingsrepresentant Terje Breivik for å setja press på for å få til ei omgjering av vedtaket.