annonse

4H er viktig

4H-REVY
4H-REVY: – 4H gjev oss mange erfaringar, skriv Eline Christin Helgesen Væhle. Her frå Bordalen 4H sin Nokas-revy i 2016 med Nils Gjelland, Oda Marie Rio, Kristine Olde og Anne Siri Himle. (Foto: Nils Kvamsdal)

4H er viktig! 4H står for klart Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse!

Me startar på 4H når me er 10 år og driv på til me er 18 år. Kvart år har me ei oppgåve som me jobbar med gjennom året. Oppgåva vert bedømt og må godkjennast. Det er viktig for oss å levera ei god oppgåve. Me lærer å setja oss mål, og arbeida for å oppnå målet.

4H blir styrt av medlemene sjølve med råd frå klubbråd­gjevar. Me sit i styret og lærer oss styrearbeid, dette er nyttig å kunna også når me blir vaksne.

4H gjev oss mykje moro, og gjev oss mange erfaringar. Me lærer praktiske ferdigheiter innanfor mange område. 4H utviklar ein samfunnsengasjert ungdom som tek ansvar og viser respekt.

Det er utruleg at regjeringa vil ta vekk all støtta til 4H. Det betyr kanskje at kontingenten må aukast, og blir den auka mykje, så er det ikkje sikkert alle har råd til å vera med, det synest eg er dumt ...

Eline Christin Helgesen Væhle

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.