annonse

8. mars-tog no!

FOR BETRE VERD
FOR BETRE VERD: Tanya Kaldestad og Raud Ungdom kjempar for ei verd der alle, uavhengig av kjønn, har dei same rettane. Dei vil vera pådrivarar for 8. mars-tog til neste år. Her held Kaldestad 1. mai-appell på Torget i 2016. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Me vil gjerne vera med som pådrivarar til eit tog til neste år, men då treng me hjelp, skriv Tanya Kaldestad og Voss Raud Ungdom.

Raud Ungdom på Voss har dei siste to åra vore med som pådrivarar til 8. mars-tog på Voss. Den internasjonale kvinnedagen er ein av dei viktigaste dagane i året, og for oss i Raud Ungdom er det veldig synd at det ikkje er nokon som har teke initiativet for å organisera toget i år.

I Voss kommune er det nesten 15.000 innbyggjarar. Alle partia er representerte med eige lokallag, samstundes som fagrørsla står sterkt.

8. mars bør vera ei tverrpolitisk prioritering for alle dei lokale organisasjonane, og når me er så mange, bør ein kunna gå saman for å organisera eit tog kvart år.

Me har riktig nok ei 8. mars-markering her på Voss kvart år, og dette året er det Soroptimistane som har fått stafettpinnen. Me tvilar ikkje på at dei har laga eit supert opplegg, men det me i RU ynskjer oss, er eit lågterskel 8. mars-arrangement, som alle kan delta i, og som også har ein større appell til den yngre garden.

Den internasjonale kvinnedagen er ikkje berre ein dag for kvinner, men ein dag der me saman kan feira alle kampane me har tatt opp gjennom åra, og ikkje minst er det ei viktig markering for alle kampane som står igjen.

I år er markeringa kanskje viktigare enn den har vore på mange år, sjå berre på kva «me too»-kampanjen har rota opp i. Samstundes ser me at kvinner framleis ikkje tener stort meir enn tre firedelar av det menn gjer, og innvandrarkvinner som torer å stå fram med kraftfulle røyster, vert skremde til tausheit av høgreekstreme mannfolk.

I Raud Ungdom kjemper me for ei betre verd. Ei verd der alle, uavhengig av kjønn, har dei same rettane. Me vil ikkje at kvinner skal bli undertrykte berre fordi dei er kvinner, og me kjem alltid til å ta kvinnekampen på alvor. Difor tykkjer me i Raud Ungdom her på Voss, at det er utruleg synd at det ikkje har vore nokon som har teke initiativ til 8. mars-tog i år. Me vil gjerne vera med som pådrivarar til eit tog til neste år, men då treng me hjelp.

På ein så viktig dag som denne treng me at fleire, både store og små, organisasjonar går saman og tek ansvaret for å markera dagen!

Kvinnekamp er menneskekamp. Difor vil me gjerne invitera alle gode krefter til å stå i lag med oss til neste år, slik at me igjen får arrangert eit 8. mars tog på Voss.

Tanya Kaldestad, leiar i Voss Raud Ungdom

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.