annonse

Arrogant handsaming av klimaplanen

– DÅRLEG PROSESS
– DÅRLEG PROSESS: – I dag har Voss kommune berre 1 elektrisk og 4 elhybrid av totalt 150 kommunale tenestebilar. Kommunen har ingen ambisjonar om å satsa på eigne lågutsleppsbilar, slik som mange verksemder i Noreg no gjer, skriv Sveinung Klyve. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

På møtet i kommunestyret den 14. desember vart energi- og klimaplanen 2018-2022 for Voss kommune vedteken.

Dei som sit med fleirtalet (posisjonen med Ap, Sp og SV) viste stor arroganse i handsaminga av denne planen. Sjølve kom dei med eit heilt endringskapittel om landbruk som vart teke inn i planen utan at gruppa som har jobba med planen eller fagfolk har fått kommentera dette.

Opposisjonen sine mange og gode framlegg til planen vart blankt avviste.

Planen hadde kort høyringstid og vart dårleg gjennomarbeidd i sluttfasen. Fleire gode innspel kom inn få dagar etter høyringsfristen utan at desse er vorte handsama godt nok. Det er synd at når planen no endeleg vert rullert, skjer det med ein så dårleg prosess at dette ikkje vart ein god og framtidsretta plan for Voss kommune. Miljøpartiet dei grøne (MDG) føreslo å utsetja godkjenninga av planen til over nyttår. Det vart nedstemt.

Dette er ein temaplan som lett vert gøymt i skuffen utan midlar til gjennomføring av tiltak slik som det er vorte med den gjeldande temaplanen for kultur.

Det er skuffande at posisjonen ikkje har meir ambisjonar for ein rullert klimaplan enn at dei ikkje løyvde ei ekstra krone til å gjera tiltak i denne. Av eit vossabudsjett i 2018 på 1200 millionar kroner ynskte MDG at 0,5 promille (600.000 kroner) skulle setjast av for å styrkja klimaarbeidet, noko som vart nedstemt.

MDG meiner at planen er for dårleg på gode miljøtiltak i eigen organisasjon når det gjeld miljøsertifisering, haldningar til kommunalt forbruk, reiser, bruk av skype m.m. for å redusera dei lokale klimautsleppa. I dag har Voss kommune berre 1 elektrisk og 4 elhybrid av totalt 150 kommunale tenestebilar. Kommunen har ingen ambisjonar om å satsa på eigne lågutsleppsbilar, slik som mange verksemder i Noreg no gjer. Dei vil heller ikkje auka potten for tilskot til reintbrennande vedomnar. Tiltaket med å jobba for redusert biltrafikk gjennom Vangsgata vart teke ut or planen, etter press frå dei næringsdrivande. Dei styrande partia i Voss har difor ingen konkrete planar for å få senka nivået av helseskadeleg luft på Vangen. Framlegg frå partiet Venstre om å måla lufta på Vangen vart også avvist.

Posisjonen vil heller ikkje inn som klimapartner i samarbeid med verksemder som jobbar aktiv med klimaspørsmål. Dei vil heller ikkje laga klimarekneskap og klimabudsjett.

Det er difor synd at Ap, Sp og SV med dette viser at dei ikkje er med på det grøne skiftet og tek miljøproblema lokalt og globalt meir alvorleg enn dette.

Det som kjem ut av denne rulleringa av energi og klimaplanen, ser ikkje ut til å verta mykje å skryta av slik som me i Miljøpartiet dei grøne ser det.

MDG ved Sveinung Klyve – folkevald i Voss formannskap og kommunestyre

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.