annonse

Arvesølvet i Bømoen

BØMOEN
BØMOEN: – Eg vil karakterisera desse to sentrumsnære og lett tilgjengelege «moane» som nærast arvesylvet i bygda, noko som forpliktar dei folkevalde som forvaltar desse verdiane, skriv Stein Hellesnes om Bømoen og Prestegardsmoen i Ordet fritt. Biletet er frå Bømomarsjen. (Foto: Ørjan Brattetveit/Arkiv)

– Det fell meg lett å vera samd med Terje Bergstrøm i at det ikkje er det same å gå tur i eit bustadfelt som i tilnærma urørt skog og mark, skriv Stein Hellesnes.

Som utflytta vossing prøver eg å følgja med på kva som rører seg i heimbygda. Det er ikkje utan otte eg ser kva planar som ligg føre for Bømoen, m.m.a. bustadbygging. Eit område som er mykje nytta av lokale folk som tilreisande til alle årstider. Det fell meg lett å vera samd med Terje Bergstrøm i at det ikkje er det same å gå tur i eit bustadfelt som i tilnærma urørt skog og mark.

Mange sambygdingar hugsar enno godt Kristian Skorve sin utrøyttelege kamp for prestegardsmofondet og Prestegardsmoen for ei årrekkje sidan, han opna augo på mange for kva naturperle me har liggjande eit steinkast frå sentrum. Eg trur det er mykje han å takka for at han framstår som han gjer idag, fritt tilgjengeleg og stort sett urørt til bruk og utfalding for alle.

Vossebygda er vidgjeten for sine friluftsaktivitetar nasjonalt og internasjonalt. Aktivitetane er vidtfemnande frå elvepadling til ski- og luftsport, berre for å ha nemnt nokre få.

Føresetnaden for alt dette er utan tvil den naturen som er i og kring Voss. Eg vil karakterisera desse to sentrumsnære og lett tilgjengelege «moane» som nærast arvesylvet i bygda, noko som forpliktar dei folkevalde som forvaltar desse verdiane. Bustadbygging i eit av desse områda trur eg vil vera eit stort feilgrep.

Det er berre å håpa på at dei som skal ta den endelege avgjerdsla ser kva verdiar desse representerar for ålmenta og reiselivet. Med tanke på noverande og ikkje minst komande slekter bør desse få «varig vern», bandlagt og øyremerkt for friluftsliv, trim og rekreasjon.

Stein Hellesnes

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.