annonse

Betre miljø på verdsarvfjordane

MANGFALD AV BÅTAR
MANGFALD AV BÅTAR: Dei siste 10-12 åra har det vore fleire ulike typar båtar på Aurlands- og Nærøyfjorden, og sterk auke i trafikken. Mangfaldet av båtar må halda fram, meiner Åsmund Ohnstad. Her den verna ferja Skånevik på veg ut fjorden, fotografert frå Vision of the Fjords. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Arne Sandnes og Hans-Erik Ringkjøb, høvesvis leiar og nest-leiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, har her i bladet eit innlegg der dei går inn for strengare miljøreglar på verdsarvfjordane.

Intensjonane i innlegget er dei aller beste.

Men det eg lurer på, er om ein representant for reiarlaget Fjord1 har vore med å skriva innlegget utan å skriva under på det. I innlegget står mellom anna følgjande: «Strengare regulering som kan fremja låg og nullsleppsfri ferdsel både på fjord og land må på plass, slik at næringsaktørar som har mot til å investera i slik teknologi ikkje vert straffa med at andre aktørar seglar inn og tek marknadsposisjonar med utrangert materiell til lågare pris».

Med næringsaktørar er her meint Fjord1, ved dotterselskapet The Fjords. Fjord1 har i 70 år sigla strekninga Flåm–Gudvangen med båtar og ferjer som har hatt diseldrivne motorar. For to år sidan kom dei med ein ny båt som har både disel- og elektromotorar. Denne båten har gått halve strekninga med dieselmotor og halve med elektromotor. I tillegg til denne båten har dei nytta to ferjer med dieselmotorar. Desse ferjene kan vel kallast utrangerte, då dei begge er frå 1960-åra.

Satsinga til Fjord1, her ved The Fjords, på båtar med elektromotorar er absolutt motig og framtidsretta. Men den må ikkje føra til at dei små reiarlaga, som ikkje har økonomi til slik storsatsing, blir skadelidande. Fjord1 hadde monopol på denne strekninga frå kring 1948 til kring 2006. Det skin igjennom at Fjord1 ynskjer å få tilbake monopolet. Det er ikkje ynskjeleg. I dei siste 10-12 åra har det vore ulike typar båtar på fjorden, ulike ruteopplegg og ulikt prisnivå.

Samtidig har det vore ein sterk auke i trafikken. Det mangfaldet av båtar, inkludert cruiseskip, som er på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, det må fortsetja.

Åsmund Ohnstad

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.