annonse

«Blåmåndag» – 1000, 200 eller 0 bustader på Bømoen?

KONNUNEN VART LURT
KONNUNEN VART LURT: Kommunen synleggjorde at dei ikkje kjente til dei faktiske forholda kring Bømoen og såleis ikkje forstod kva rettsgrunnlag som låg til grunn. – Dei vart rett og slett lurt trill rundt av «eigedomsmeklarane» frå Skifte Eigedom, skriv Arve Søgaard. (Foto: Arkiv)

Etter at Voss kommune har gjeve vekk, eller sutla vekk, heile Bømoen og Brandsetdalen skytefelt, møter dei seg no sjølve i døra. For ikkje å seia svingdøra. Det er ikkje første gong og det vert slett ikkje siste gong.

Behandlinga av reguleringsplanen for Bømen, viser at kommunen (som eg tidligare har peika på) ikkje har hatt peiling på kva dei har vore med på når salet av Bømoen var oppe.

Kommunen synleggjorde at dei ikkje kjente til dei faktiske forholda kring Bømen og såleis ikkje forstod kva rettsgrunnlag som låg til grunn.

Dei vart rett og slett lurt trill rundt av «eigedomsmeklarane» frå Skifte Eigedom.

Gjennom behandlinga av reguleringsplanen vert det på ny synleggjort at kommunen ikkje har vurdert eller forstått konsekvensane av salet til private aktørar. Dei vil sjølvsagt få mest mogleg pengar ut av eigedomen. Kom det verkeleg overraskande på kommunen?

Med 1000 bustader vil fortenesta bli minimum 1 milliard kroner.

Det skulle vore kjekt å få innsyn i korleis kommunen har rekna når dei fann ut at 40 millionar kroner for eigedomen var for mykje? Var kanskje meininga at Bømoen framleis skulle liggja som friareal og ei perle for ålmenta?

Tidleg i prosessen sa eg til ordførar og varaordførar at kommunen var i ferd med å sutla vekk minst 500 millionar kroner. Dei berre flein. I eit avisinnlegg nokre dagar seinare meinte Tore Nyborg at kommunen sutla vekk 1 milliard. Han tok ikkje for hardt i. Desse innspela har heller ikkje nådd fram til kommunen.

Heilt frå starten av har behandlinga av Bømosaka vore ein skandale og det synest å halda fram. Eg meiner framleis at ei gransking hadde vore på sin plass.

For at Bømoen framleis skal kunna vera det unike friområdet med full bruksrett for ålmenta, må kommunen setja seg ned med grunneigarane for å finna fram til løysingar alle kan vera tente med.

Den beste løysinga ville sjølvsagt vera at kommunen «kraup til korset» og kjøpte attende heile Bømoen. Prisen ville kanskje no vore noko høgre. Men med den rette kalkulatoren (som dei ikkje har hatt før) ville dei nok kome fram til at det hadde vore godt mogleg. Kommunen kan då sjølv ta stilling til om det er rett med 0 eller 1000 bustader.

Utan semje med grunneigarane har kommunen tapt kampen om utforminga av Bømoen. Grunneigarane (men ikkje kommunen?) er sjølvsagt fullt medvitne om kven som no eig areala.

Arve Søgaard

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.