annonse

– Blanda læring engasjerer!

MATTEMARATON PÅ STANGHELLE
MATTEMARATON PÅ STANGHELLE: I skrivande stund har våre 22 elevar snart løyst heile 20.000 oppgåver på berre 12 dagar, skriv rektor Robert M. Flatås. Han tek til orde for bruk av nye verktøy i skulen. (Foto: Privat)

Tradisjonelle tavler og lukta av kritt er for lengst på veg bort, skriv Stanghelle-rektor Robert M. Flatås.

I desse dagar jobbar sjette- og sjuandeklassingane ved Stanghelle skule på med «Mattemaraton» der elevane digitalt skal løysa så mange matteoppgåver som dei berre orkar i løpet av mai månad. I skrivande stund har våre 22 elevar snart løyst heile 20.000 oppgåver på berre 12 dagar!

Det heile starta enkelt, men etter kvart vart det fascinerande å sjå kor engasjert elevane samarbeidde og kor mykje matematikk dei snakka seg imellom også i friminutta for slik å kunna hjelpa kvarandre vidare fram i maratonet.

Elevar som før ikkje hadde høyrt så mykje om likningar med ukjent X, løyser no dette raskt og effektivt takka vera dette gratis digitale øvingsprogrammet som gjev elevane matematisk mengdetrening på ein ny, effektiv og engasjerande måte.

Her får dei trent og testa seg på ulike matematiske omgrep, tallforståing, reknedugleikar og løysingsstrategiar, og det er imponerande kor mange oppgåver som elevane klarar å løysa i løpet av ein dag, både på skulen og heima. Dette hadde dei aldri fått til med kun blyant og papir.

Mattemaraton i regi av Kikora Norge er eit av fleire døme på at teknologi i skulen engasjerer born og ungdom. Stadig fleire område vert digitaliserte og forbetra med ny teknologi, og dette inkluderer korleis teknologi i utdanning kan brukast til å gje ei betre oppleving for både elevar og lærarar.

Gårsdagens undervisningsmodell inneber at ein lærar presenterer framfor ein klasse med ei forventning om at elevane klarar å hugsa alt som har gått føre seg i undervisninga. Deretter får elevane praktiske og skriftlege øvingar for å testa om elevane har lært det dei skal.

Denne modellen har vore utbreidd i hundrevis av år, men gårsdagens undervisningsmodell har i løpet av få år blitt meir og meir utfordra ved at den må tilpassast betre knytt til korleis menneske tek til seg ny informasjon – og ikkje minst korleis me kommuniserer med kvarandre i dagens samfunn. Dette handlar ikkje berre om IKT i skulen, men om ny pedagogikk.

Kombinasjonen av ansikt-til-ansikt undervisning i klasserommet og læringsaktivitetar på nett vert kalla for «blended learning» eller «blanda læring» på norsk. Blanda læring er ei undervisningsform som utnyttar styrkene til både digitale og ikkje-digitale undervisningsmetodar på ein måte som gjer at den totale læringa blir betre. Tenk på kor mykje meir motiverande det er for elevar å få laga ei bok om fuglar som kan publiserast på iBookStore eller kva med at læraren spelar inn ein videosnutt som elevane ser heime før undervisninga tek til dagen etter (omvendt klasserom).

Mi erfaring er at ulike digitale læringssressursar til bruk i skulen vert stadig betre og betre, og desse ressurssane gjer det også no mogleg å løysa oppgåver på nye måtar, til dømes gjennom video, animasjonar, podkastar eller anna.

Sidan fleire av desse læringsaktivitetane kan sporast, kan statistikk og oversikt gje læraren verdifull innsikt i elevane sitt nivå og læringsprosess i faga på ein heilt unik måte. Dei høge rettebunkene i lærarveska kvar fredag må snart vera historie. Ulike dataprogram er òg utmerka verkemiddel for endå betre tilpassa opplæring i skulen – både for elevar som slit fagleg og for dei som treng fleire utfordringar.

Teknologibedrifta Skooler (2017) har sett for seg korleis klasserommet kan sjå ut som knappe 10 år. Her peikar dei mellom anna på at skyløysingar vil forenkla undervisninga ved at oppgåver, kurs, testar og læringsressursar alltid vil vera tilgjengelege i skya, og vil difor utelukka behovet for stablar av papir, lærebøker og hefte. Klasseromma kjem då til å innehalda færre fysiske lærebøker og mykje mindre papir.

Vidare vil berbare elektroniske einingar som nettbreitt vil erstatta mykje av dagens lærebøker og øvingshefte og slik tillata læring kvar som helst. Dette vil kunna gje lærarar og elevar langt større fleksibilitet med kvar, korleis og når dei utfører undervisningsopplegg.

«Gamification» vil òg bli ein del av undervisningsmodellen framover der læringsspel via appar, konsollar eller på nett vil bli eit endå viktigare fenomen i åra som kjem, kanskje organisert som spelesentralar i klasseromma.

Vidare vil berøreringsskjermar (touch screens) kunna bli ein integrert del av skulekvardagen der desse skjermane kan bli plasserte på ulike stader i klasserommet som små grupper av elevar kan samla seg rundt. Dette vil kunne gje undervisninga mykje meir interaktiv og engasjerande, men vil også kunna føre til ei meir personleg og positiv læringsoppleving for elevane våre.

Tradisjonelle tavler og lukta av kritt er for lengst på veg bort, og den tradisjonelle, noko mindre projektoren har blitt bytt ut med interaktivt presentasjonsutstyr som smartboard og liknande som gjev elevane moglegheit til å kommunisera direkte med det som vert vist for klassen på ein annan måte enn tidlegare.

Me treng difor store og romslege klasserom framover som er bygde og designa for samarbeidslæring og kreative læringsøkter der ein til dømes blandar matematikk og andre fag i ulike bolkar som varar mykje lengre enn ein tradisjonell skuletime. Dette kjem og fram i nytt høyringsutkast til revidert læreplan frå Kunnskapsdepartementet (Overordna del – verdier og prinsipper, 10.03.17) der det mellom anna vert understreka at tverrfaglege tema skal bidra til at elevane utviklar forståing og ser samanhengar på tvers av fag.

Arbeidet med temaene krev difor at skulen legg til rette for fagleg djupnelæring, og at kunnskap frå ulike fag vil kunna styrkja kvarandre.

Opplæringa i skulen skal opna dører mot verda og framtida (jfr. Opplæringslova §1-1, 1. ledd), og skal vi klara det er eg overtydd om at innovativ bruk av digitale læremiddel blir eit endå større «must» i skulesektoren framover enn det me ser i dag. Det er ikkje snakk om at digitale læremiddel på «død og liv» skal erstatta trykte lærebøker, papir og blyant.

Det er heller snakk om at me som samfunn snart må ta innover oss at digitale læringsprogram og dataspel er framtida for ein del av den norske skulen så sant det pedagogiske vert styrande for bruken av teknologien og ikkje omvendt. Digitale verktøy byr på fantastiske moglegheiter, men kan sjølvsagt aldri erstatta læraren.

Dei nye verktøya som me prøver ut og snusar på er alle tenkt som supplement til sjølve kjerneundervisninga. Og den går føre seg i fysisk møte mellom lærar og elev, og elevane seg imellom.

Robert M. Flatås, rektor på Stanghelle skule

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.