annonse

Bømoen AS vil tena, bygda vil tapa!

FRILUFTSOMRÅDE
FRILUFTSOMRÅDE: – Bømoen er eit fantastisk friluftsområde for små og store. Bømoen er så mykje meir enn Bømoløypa. Eit nett av stiar, som går på kryss og tvers, som fører deg langt inn i skogen på eitt minutt eller to, skriv Tore Nyborg. (Foto: Ørjan Brattetveit/Arkiv)

No er Bømoen under press. Eigarane vil forvandla ein million til ein milliard.

Problemet er ikkje at eigarane kan bli rike. Problemet er at det skjer på bygda sin kostnad.

Bømoen er eit fantastisk friluftsområde for små og store. Bømoen er så mykje meir enn Bømoløypa. Eit nett av stiar, som går på kryss og tvers, som fører deg langt inn i skogen på eitt minutt eller to. Plutseleg er du åleine, du og tankane dine. Du opplever fridom, og får rom til å rekreera. Nettet av stiar er den viktigaste kvaliteten med Bømoen, endå viktigare enn sjølve Bømoløypa.

Bømoen er òg nerven i ekstremsportbygda. Me hadde ikkje hatt Ekstremsportveko slik me kjenner ho i dag utan flyplassen. Og me kan vel ikkje tenkja oss Voss utan Ekstremsportveko?

Eigarane av Bømoen lokkar med bustader og industri. Dei lokkar med det me har frå før. Me har industrifelt på Istad som ikkje er ferdig utbygd. Me har ledig bustadareal både i sentrum og rundt om på bygdene.

Millionen som kan bli ein milliard

Eigarane vil tena på utbygging, men bygda vil tapa. Om me skal opna Bømoen for utbygging, må det gje bygda noko som me ikkje har i dag. Noko som vil løfta bygda.

Jordalen og Spilde kan den store gongetabellen. Og tala dei har trykt inn på kalkulatoren, er fantastiske. Selskapet deira, Bømoen AS, etablerte dei med 1 million kronar. Denne millionen brukte dei til å låna vel 40 millionar og kjøpte Bømoen. Entreprenørane ynskjer 1000 bustader i Bømoen. Kvar bustad med tomt kan fint gje ein gevinst på 1 million. Prøv kalkulatoren sjølv! 1000 einingar gonger 1 million. Det blir tusen millionar, eller 1 milliard om du vil.

Det er ikkje rart at entreprenørane er ivrige etter å koma i gang.

Eg ynskjer Jordalen og Spilde alt godt, men eg synest ikkje det er rett at dei skal få milliard-gevinst på samfunnet sin kostnad.

Voss har nok bustadtomter

Når fylkesmann Lars Sponheim trekkjer pusten, fyller sine gigantiske lunger og brummar, høyrer me hans kraftfulle røyst. Eg meiner han snakka om 30.000 innbyggjarar i bygda.

Men sjølv om Lars brummar, fortel Statistisk sentralbyrå om heilt andre tal. Deira spådom er at Voss i 2040 skal ha 16.000 innbyggjarar.

Sjølvsagt kan Statistisk sentralbyrå ta feil, og Lars få rett. Men ingen veit. Så lenge me ikkje veit, skal me ikkje spela ut trumfen. Kommunestyret bør venta med å regulera Bømoen til me ser utviklinga.

Politikarene si oppgåve er ikkje å seia ja. Det er å prioritera.

Den dagen me får ny veg og bane til Bergen, kan Voss veksa. Voss kommune har ein spennande kommuneplan. Dei ynskjer at fleire skal bu i sentrum. Opp til 7000 fleire er det plass til. Det er ein klok plan. Kort veg til jernbanen er avgjerande for at dei nye vossingane kan ta del i arbeidsmarknaden i Bergen.

I tillegg veit me at ei rekkje bustadfelt som Rene, Kyte, Norheim, Todalen og Nedkvitne ikkje er ferdig bygde ut.

Det er ikkje plass til ei storstilt utbygging av Bømoen, samtidig som sentrum vert utvikla. Og trenden er klar. Folk vil bu i sentrum. Begge prosjekta vil verta ramma av konkurransen.

Om Bømoen AS får det som dei vil, blir det butikkar i Bømoen. Det vil skada Voss som handelsstad. Me har alt Voss sentrum, Amfi og Voss Handelshus. Tvildemoen er blitt ei salig blanding av bustader, industri, barnehagar og butikkar, og no skjer det same i Skulestadmo. Voss har minst eitt handelsområde for mykje. Då blir det verken fugl eller fisk.

Eg veit eg kastar stein i glashus, som butikk-drivar på Vangen. Men eg er sikker på at dersom politikarane hadde prioritert og ikkje sagt ja til alt og alle, ville utviklinga blitt betre.

Kva finn hestehandlarane i Senterpartiet på?

Eg stolar på at Arbeiderpartiet og SV hugsar sitt eige vedtak etter moglegheitsstudien om Bømoen.

-Ikkje bustader, og ikkje industri.

Eg har òg trua på Sigbjørn Hauge i Senterpartiet. Men eg stolar ikkje på partiet hans. Dei er hestehandlarar. Senterpartiet har eit sentralt medlem som er i nær slekt med ein av utbyggjarane. Interessekonfliktane stoppar ikkje der. Ein finn òg eit sentralt medlem av Senterpartiet som er eigar i Spilde Entreprenør. Rolleblanding er utfordrande, og eg håpar Sigbjørn klarar å passa på hestane sine.

Eg lurar òg på om Høgre si førstedame Iril Schau Johansens har lese programmet til partiet. Om eg forsto Hordaland rett, vil dama ha 1000 bustader i Bømoen! Det er så langt frå ideologien til partiet som ein kan koma. I partiprogrammet heiter det: «Høyre vil føre en konservativ framstegspolitikk».

Forandra for å bevara er mantraet i Høgre. Ikkje revolusjonera for å øydeleggja, slik Iril legg opp til. Det er god Høgre-politikk å støtta det private initiativ, men når det går ut over fellesskapet, skal ein god Høgre­-politikar seia stopp.

Kommunen skulle kjøpt Bømoen!

Sjølvsagt burde Voss kommune kjøpt Bømoen i 2012. Eg trur det er mange politikarar som då sa nei, som angrar i dag. Det er ei offentleg oppgåve å forvalta så store samfunnsinteresser.

Når eigarane av Bømoen no får nei til regulering, vil dei kanskje kvitta seg med Bømoen. Då bør dei invitera kommunen til forhandlingar om eit sal. Det vil tena interessene til begge partane.

Tore Nyborg

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.