annonse

Bømoen AS viser sitt sanne andlet

BØMOEN
BØMOEN: – Ingen utanbygds profesjonell aktør ville teke sjansen på den oppførselen me har sett frå Bømoen AS, meiner Sigmund Midttun. Biletet er frå Bømoløpet for nokre år sidan. (Foto: Ørjan Brattetveit/Arkiv)

– Ein elefant i glassbutikk hadde bevega seg meir elegant enn det me her har vore vitne til, skriv Sigmund Midttun om Bømoen AS.

Då Bømoen vart selt vart det frå fleire hald, m.a. leiarskribenten i denne avisa, gjeve uttrykk for glede over at det var lokale folk som kjøpte.

I ettertid viser det seg at dette truleg var det verste som kunne skje.

Ingen utanbygds profesjonell aktør ville teke sjansen på den oppførselen me har sett frå Bømoen AS.

Alle som vågar å vera usamde med dei nye eigarane vert forsøkt «straffa», på eit eller anna vis.

Det smakar av hemn, udemokratisk sinnelag og uprofesjonalitet.

Ein elefant i glassbutikk hadde bevega seg meir elegant enn det me her har vore vitne til.

Sigmund Midttun

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.