annonse

Bømoen: Kven har klikka?

Tysk pappfly på Bømoen
Tysk pappfly på Bømoen: «Truleg hadde tyskarane «klikka» om dei hadde sett dette biletet», skriv Gunnar Løkkebø. Han meiner biletet viser at sjølv under krigen, så tok bygdefolket seg til rette i Bømoen. Her har ungar og ungdom frå Bø tidtrøyte med å ramponera tyske pappfly. Frå venstre Anders Røthe, Guro Bø (gift Eggereide), Marta Røte g Løkkebø, Agnes Røte g Eikefjord, usikker, men kanskje Ingebjørg Bø, Brita Bø og Ingebjørg Bø g Johannesen. (Foto: Privat)

Å ha lyst på er ikkje det same som å ha rett på, skriv Gunnar Løkkebø.

Medan første verdskrig starta etter skotet i Sarajevo, var det berre eit klikk som skulle til på Voss.

Når fleire meiner at i Bømoen er det vi som skal bestemma, kan ikkje alle ha rett. Eigarane hevdar eigedomsretten, men kva rett dei andre byggjer sitt syn på, er meir uklart. Er det allemannsretten? I så fall...

Då området var militært, var det bom på vegane og skilt om «ikkje tilgjenge for uvedkommande». Som ein del av makeskiftavtalen som Arve Søgaard har skrive om, så vart det bygd ny veg til flyplassen.

Og langs denne måtte kommunen kosta gjerde. Kva var vitsen med dette gjerdet om det ikkje var for å hindra fri ferdsle? Det er grunn til å tru at både kommunen og forsvaret den gongen var einige om at allemannsretten ikkje skulle gjelda på forsvaret si side.

No har bygdefolket aldri respektert dei restriksjonane på ferdsel som har vore i Bømoen, men vil ein kunna vinna fram med hevdvunnen rett til fri ferdsle på militært område? Og framleis står vel gjerdet der og sperrar. For meg blir det då litt uklart om og når allemannsretten vart gjeldande for Bømoen, slik svært mange synest å tru.

Kanskje endå ein god grunn til at kommunen bør fylgja Arve Søgaard sitt råd om å få ei avklaring med forsvaret om makeskifteavtalen.

Å ha lyst på er ikkje det same som å ha rett på. Kanskje lurt å ha i tankane før ein «klikkar».

Gunnar Løkkebø

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.