annonse

Bømoen og dyrkingsjorda

BØMOEN
BØMOEN: – Eg meiner at biologisk sett er Bømoen mest verdt slik den står fram i dag – med fureskog, framfor som dyrkingsjord, skriv Trygve Refsdal. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Hege Ulfeng skriv på nytt om Bømoen som ressurs for matproduksjon. Innlegget byggjer på eit flyfoto med skraveringar av dyrkbar jord, frå NIBIO. Dei som har teikna dette inn har vel bomma mykje?

Eg har før peika på fåren for nattefrost på Bømoen, også i vekstsesongen. Til det svarar ho at Bømoen ligg i «den nest beste klimasona». Det er greitt, men når det gjeld nattefrost så er det lokalklimaet som dominerer. Eit eksempel: For ein del år sidan var her rekordkulde. På målestasjonen på Bø i Tjukkebygda vart det då målt 34 kuldegrader. På Bømoen, sytti meter lågare, vart det målt 42 kuldegrader. Altså åtte grader kaldare.

Så skriv Hege Ulfeng at jorda på Bømoen er «sjølvdrenert mineraljord med lågt steininnhald». I realiteten er steininnhaldet høgt. – Det ser me ved rotvelter av furetre. Under det øvste laget av humus finn me ofte hardpakka stein og grus. – Furetre vil gjerne setja djupe og sterke røter, og om her var næringsrik jord med god jordstruktur så ville nok trea stått støtt. Og om vinden då vart for sterk, så ville den ikkje ha ført til rotvelting, men til at stamma vart broten tvers av. Finn me døme på dette på Bømoen? Eg tvilar på det.

Eg meiner at biologisk sett er Bømoen mest verdt slik den står fram i dag – med fureskog, framfor som dyrkingsjord.

Våre furemoar har også ein annan verdi. Dei har sett sitt preg på bygda, men fleire av dei er borte no. Som Skulestadmoen og Haugamoen. Mykje av Gjernesmoen vert dyrka opp, og på Tvildemoen reiser det seg bygg.

– Ein stødig og klok vossaordførar, Isak Hjelle, sa det slik i eit ordskifte nokre år etter krigen: «No har dei teke så mykje av moane på Voss at no må me seia stopp!» Dette galdt Prestegardsmoen, der kommunen seinare tok bit for bit. – I dagens tildels luftige vossa-politikk, kunne me hatt god nytte av ein mann som Isak Hjelle, med sin bakkekontakt.

Det er sjølvsagt viktig at NIBIO interesserer seg for jordvern. Men fokuset på Bømoen, utan feltsjekk, overraskar meg.

– Sjølv har eg arbeidt med naturressursar i fleire land i Asia og i Afrika. Det fyrste bodet for meg har vore å gå ut i felten, i skog og mark, for sjølv å sjå kva som skjer der. Eg har då ofte fått eit anna bilete av det som skjer enn det som står i ymse rapportar.

Trygve Refsdal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.