annonse

Bømoen og nasjonal matsikkerheit

Bømoen
Bømoen: Kart som viser dyrkbar jord på Bømoen, utarbeidd ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Dei brunskraverte felta viser areal som er dyrkbart, men enno ikkje dyrka. (Foto: Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO))
FORFATTAR
FORFATTAR: Hege Ulfeng, Nibio. (Foto: Privat)
FORFATTAR
FORFATTAR: Linda Aune-Lundberg, Nibio. (Foto: Privat)

Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida», seier jordlova. I særlege høve kan departementet gje dispensasjon.

Før eventuell dispensasjon blir gitt for Bømoen, er det viktig med ei grundig vurdering der alle sider av saka kjem fram.

NEDBYGGING AV JORD som kan brukast til matproduksjon, har konsekvensar for Noreg si matsikkerheit, både no og i framtida. Mange av verdas jordbruksareal er trua av erosjon, turke, saltopphoping, forureining og nedbygging. Samtidig blir det stadig fleire munnar å metta. Dette er noko av grunnlaget for stortinget si innstramming av jordvernmålet og vedtaket om ein nasjonal jordvernstrategi som eit samla storting slutta seg til i desember 2015. Her er det mellom anna slått fast at innan 2020 skal maksimalt 4000 dekar matjord byggjast ned per år i Noreg.

Fylkesmannen peikar på at områdereguleringsplanen for Bømoen har tatt lite omsyn til jordlova sitt krav om vern av dyrkbar jord. Kart frå NIBIO viser at jordressursane på Bømoen er vel verdt å ta vare på. Skogen her veks godt, fordi han veks i god jord.

Bømoen kan dyrkast opp til lettdriven, fulldyrka jord. Mesteparten av jorda er dessuten sjølvdrenerande. Det er verdifullt i ei tid med stadig kraftigare nedbør.

Mykje av den dyrkbare jorda i Noreg er myr eller ho ligg i klimasoner som er dårlige egna for jordbruk. Jorda på Bømoen derimot, ligg i godt klima, midt i eit aktivt jordbruksområde.

DEN BESTE JORDA i landet vårt ligg oftast nær byar og tettstader fordi folk tradisjonelt har busett seg der det var best moglegheit for å dyrke mat. Dette gjeld og for Voss. I hundremetersona rundt Vossevangen ligg det nesten 2000 dekar jordbruksareal. Det utgjer omtrent halvparten av arealet i denne sona. Ser me på tusenmetersona rundt Vossevangen, inneheld ho over 7000 dekar jordbruksareal. Halvparten av jordbruksareala som vart bygde ned mellom 2005 og 2015 låg nær byar og tettstader.

DET ER IKKJE så lenge sidan Bømoen tilhøyrde det norske forsvaret. Bømoen kan framleis vere ein del av beredskapen vår dersom den dyrkbare jorda «disponerast slik at ho … vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida».

Forskningssjef Jan Ivar Botnan ved Forsvarets forskningsinstitutt si avdeling for beskyttelse og samfunnssikkerhet, får siste ordet: «Det er lite som tyder på at Noreg kan greie seg med å vera rike og handla all maten i ein stadig skrinnare internasjonal marknad».

Jordvern i fugleperspektiv:

▪ På verdsbasis fører folkeauken til at matproduksjonen må aukast med 70 prosent for at alle munnar skal kunna mettast i 2050, ifylgje FAO.

▪ Store jordbruksareal blir degraderte verda rundt som fylgje av forureining, rovdrift, erosjon og klimaendringar.

▪ Berre 3 prosent av landarealet i Noreg blir nytta til matproduksjon.

▪ Etter krigen har over 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar jord blitt bygd ned i Noreg.

▪ Stortinget har stramma inn jordvernet slik at i 2020 skal maksimalt 4000 dekar matjord samla for landet kunne omdisponerast per år. Det utgjer 10 dekar per kommune per år.

▪ Nedbygging av dyrka mark auka i 2015 og 2016.

▪ I Hordaland var det berre Bergen og Lindås som bygde ned meir jord enn Voss mellom 2005 og 2015.

Hege Ulfeng og Linda Aune-Lundberg, Norsk institutt for biøkonomi

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.