annonse

Bømoen – sett frå lufta

BØMOEN
BØMOEN: – Sjølv har eg styrt med skogen i Bømoen i ti år, og har gått mykje på kryss og tvers i moen. Nede på bakken. Eg har grave i jorda og planta, rydda, tynna og hogt fure der, saman med elevar frå Voss Jordbruksskule. Men eg kjenner meg ikkje att i framstillinga til dei to forskarane, skriv Trygve Refsdal. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

I eit stort oppslått innlegg i Hordaland skriv to forskarar frå NIBIO om Bømoen, Hege Ulfeng og Linda Aune-Lundberg. I innlegget vert det vist til eit flyfoto av Tjukkebygda, Kvitli og Bømoen, med ymse skraveringar. Dei illustrerer jord som kan dyrkast.

Sjølv har eg styrt med skogen i Bømoen i ti år, og har gått mykje på kryss og tvers i moen. Nede på bakken. Eg har grave i jorda og planta, rydda, tynna og hogt fure der, saman med elevar frå Voss Jordbruksskule. Men eg kjenner meg ikkje att i framstillinga til dei to forskarane.

Dei skriv: «Jorda på Bømoen … ligg i godt klima.» Mi røynsle er at her er ofte nattefrost, også i vekstsesongen. Eg har sett små skogsplantar med nye skot som er skadde av frost langt ut i juni månad. Dette er heilt uvanleg på Vestlandet.

Dei skriv: «Skogen her veks godt, fordi han veks i god jord». Vel, fureskog trivst gjerne best på magrare jord. Han veks bra på Bømoen, med sine djupe røter, men veksten er moderat.

For å vita meir om tilveksten la Knut Nedkvitne i si tid ut ei prøveflate i ung fureskog vest for Leikeshovden. Alle trea fekk sitt nummer, og dei vart målte med nokre års intervall. Veksten var bra, men det er ikkje vanskeleg å finna flater andre stader med tre eller fire gonger så høg tilvekst. Dei ligg på vesentleg betre jord enn den me finn på Bømoen.

På Bømoen finn me helst grus- og sandjord. Ein stor del av avsetninga kjem frå fjellområda i Raundalen med sidedalar. Her er store område med anortositt, ein bergart som er fattig på plantenæring og som gjev magre jordsmonn. Dette viser att i Raundalselva, med klårt vatn, lite mosegroing og lågt næringsinnhald.

Vern av matjord er sjølvsagt ei viktig sak. Men kanskje like viktig er det å minska den jordpakkinga og -erosjonen me får frå tung maskinbruk på jorda og i skogen. Bak dette står eit press frå regjeringa mot større einingar på alle felt. Dagens effektivitetskrav råkar ikkje minst bøndene, som då gjerne må investera tungt i maskiner.

Så synest eg dei to forskarane er for einsidige i si framstilling av alle ulukker som kan råka oss. Dei gløymer å ta med det at eit auka innhald av CO2 i lufta stimulerer planteveksten. Nøytrale målingar viser, til dømes, at det har vorte grønare på det afrikanske kontinentet dei siste tjue åra. – Stikk det motsette av det NRK og norske aviser fortel oss! Der er eit rikt potensial for auka matproduksjon i mange afrikanske land. Det som trengst er fysisk arbeid og god agronomi. Diverre er det lågt prioritert.

Trygve Refsdal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.