annonse

Bømoensaka: Skal ein velja ytringsfridom eller lojalitet til ein ven?

VANSKELEG SITUASJON
Vanskeleg situasjon: – Me risikerer ein situasjon som vil splitta skimiljøet i lang tid. Det vil ramma enkeltpersonar, og det vil ramma Voss ski- og tursenter, meiner Tore Nyborg. Her frå NM i 2012. (Foto: Daniel Melve Kvarme)
HAR SKAPT STORM
Har skapt storm: – Idretten kan ikkje bøya seg for kravet til sponsoren. Deira krav er eit angrep på ytringsfridommen og miljøet dei så stolt har sponsa, skriv Tore Nyborg. (Foto: Ørjan Brattetveit/Arkiv)

– Skal ein velja lojalitet til ein ven eller skal ein kjempa for ytringsfridom?

I Noreg er ytringsfridom ei sjølvfylgje. Det burde i alle fall vera slik. Bømoen-saka har vist at ytringsfridom ikkje blir respektert av alle i vossebygda. Slik kan me ikkje ha det.

Me les i Hordaland om eit likar-klikk på Facebook som skaper storm i sponsorforholdet mellom Spilde Entreprenør og Voss ski- og tursenter.

Spilde aksepterer ikkje at styre­leiar Lars Selheim har private meiningar om utviklinga av Bømoen som går på tvers av deira interesse. Spilde krev Selheim fjerna som styreleiar i Voss ski- og tursenter for at dei skal halda fram som sponsor av anlegget.

Det er ikkje til å tru.

SAKA HAR SETT ski-miljøet i bygda i sjakk. Ingen vil mista Spilde som sponsor. Men mest av alt vil miljøet behalda eldsjel og ven Per Ove Himle i drifta av anlegget.

Per Ove er ein bauta i Voss ski- og tursenter. I tillegg er han aksjeeigar i Spilde, og tilsett både i Spilde og Voss ski- og tursenter.

Når Olav Lægreid, sjef i Spilde, har kravd Selheim sin avgang set han både ski-miljøet og Himle i ein vanskeleg situasjon.

Skal ein velja lojalitet til ein ven eller skal ein kjempa for ytringsfridom? Og om ein skal velja ein ven, skal ein då velja Himle eller Selheim?

Svaret gjev seg sjølv. Idretten kan ikkje bøya seg for kravet til Spilde. Deira krav er eit angrep på ytringsfridommen og miljøet dei så stolt har sponsa.

Den einaste moglege løysinga er at Spilde trekkjer kravet om Selheim sin avgang. Om ikkje det skjer, får me ein situasjon som kjem til å splitta ski-miljøet i lang tid. Det vil ramma enkelpersonar og det vil ramma Voss ski- og tursenter.

Entreprenørane brukar den same bulldosar-strategien mot næringslivet som dei har nytta mot idretten. Eg kjenner næringsdrivande som blir boikotta av entreprenørane fordi dei ikkje støttar ei nedbygging av Bømoen. Slik er ikkje greitt!

KVA SAMFUNN YNSKJER me Vossa­bygda skal vera?

Entreprenørane sin plan om nedbygging av Bømoen har skapt storm i bygda. Det har mobilisert ein folkebevegelse der gammal og ung har engasjert seg for å ta vare på Bømoen. Bømoen representerer to av kjernekvalitetane i bygda vår, friluftsliv og ekstremsport.

Reguleringsplanen har fått mange innspel. Berre dei siste dagane av høyringa fekk kommunen inn 149 uttalar til reguleringsplanen om Bømoen.

147 var imot utbygging, to var for. Folkeopprøret mot utbygging av Bømoen talar sitt tydelege språk.

FOR MEG ER Bømoen eit kjerneområde for fysisk aktivitet som har forma bygda vår for friluftsbygd og idrettsbygd. Bømoen gjer ein forskjell i kvardagen. Som for parkinson-ramma Terje Bergstrøm, som i Hordaland fortalte om sin bruk av Bømoen. Det er der han har mogelegheit til å komma seg ut. Eller trilleturlaget som tek trilleturane med barnevogna i Bømoen. Bømoen er ein kvalitet for gammal og ung, sjuk og frisk.

Når eg treffer folk på bygda, er det mange som vil diskutera Bømoen. Den støtta entreprenørane får dreier seg om eigedomsretten. Når dei har kjøpt Bømoen for over 40 millionar, må dei jo få byggja ut.

Eigedomsretten står sterkt i Noreg. Eg òg støttar den.

Det er derfor viktig å vita kva entreprenørane har kjøpt. Dei betalte vel 40 millionar for heile Bømoen. Med i summen fekk dei bygningsmasse til 41 millionar pluss ein flyplass og infrastruktur til 10 millionar. Skogen og friarealet i Bømoen var berre taksert til vel 2 millionar.

Legg ein til at eit samstemt formannskapet i 2011 sa nei til å prioritera bustader og industri i Bømoen, då blir orda til Lars Mossefinn i kommunestyret treffande:

– Har så dei nye eigarane kjøpt katta i sekken? Formannskapet sitt vedtak gjorde klart at her ikkje var nokon katt. Og det dei betalte, var uansett ikkje meir enn for sekken (Hordaland 30. september).

ENTREPRENØRANE HAR IKKJE kjøpt seg ein rett til å byggja ned Bømoen. Dei har kjøpt seg ein rett til å utvikla bygningsmassen og tomtene dei ligg på. Med klok forvaltning vil det sikra entreprenørane god avkasting utan at det går ut over friarealet.

Kommunestyret behandla sist veke energi- og klimaplanen. Ei viktig sak i vår tid. Men å lesa om debatten i Hordaland var deprimerande. Kampen mot CO2-utslepp blei ein debatt for eller imot einvegskøyring i Vangsgata.

Tragisk symbolpolitikk. Det CO2-utsleppet som kjem frå Vangsgata er som ein fjert å rekna, sjølv i vossasamanheng.

Skal me redusera bilbruken i bygda, er det strukturen på bustad- og butikkutviklinga som tel.

Ved å fortetta sentrum blir det mindre biltrafikk, og då kjem kanskje gågata heilt naturleg.

Før sommaren kjem Bømoen-saka opp i kommunestyret. Då kan politikarane gjera ein forskjell både for miljøet og innbyggjarane i kommunen.

Mitt nyttårsønske er at kommunestyret regulerer Bømoen som LNF-område.

EI PERMANENT REGULERING av Bømoen som Landbruks-, natur- og friluftsområde sikrar allmenninteressene for området. Og like viktig. Det sikrar jordvernet!

Bømoen er sett saman av om lag 1200 dekar dyrkbart areal. Det vil seia at store delar av Bømoen er eigna til oppdyrking. Ved å regulera Bømoen som LNF-område har Vosssabygda ein ressurs som kan nyttast i framtida om ein treng.

Om ein vel å byggja ned Bømoen, er ressursen borte, for alltid.

Tore Nyborg

– Ingen kommentar

Hordaland har sendt dette innlegget til Olav Lægreid tysdag 19. desember slik at han kunne få kommentera påstandane frå Tore Nyborg. Olav Lægreid har ikkje ynskt å kommentera påstandane.

Redaksjonen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.