annonse

Brefylket kan vera det rette namnet

BREFYLKET
BREFYLKET: Hardangerjøkulen ein spegelblank og lokkande sommardag (Foto: Arne Skjerven)

Det er frostgrenser mellom dei ulike partane om namnevalet for det nye fylket, som skal koma i staden for Sogn og Fjordane og Hordaland.

Kan henda at Brefylket kunne smelta litt på dei fastfrosne meiningane. Fornuften og fakta skulle i alle fall tilseia det.

I Hordaland har me om lag 275 kvadratkilometer med isbre, medan Sogn og fjordane har kring 650 kvadratkilometer, altså kring 925 kvadratkilometer til saman då me har rekna brear over åtte kvadratkilometer (i alt 15). I Sør-Noreg er det om lag 1280 kvadratkilometer til saman.

Såleis skulle det vera soleklart at det nye fylket er størst på brear. Dermed er Brefylket eit godt namn.

Så er det også det at brear er eksklusive, dei er spennande, dei er tiltrekkjande, ja dei lokkar på alt som har med spenning og oppleving å gjera. Det må telja.

Og så ein ting til: Med breane kan ein og sjå korleis klimaet endrar seg, altså om dei veks eller minkar.

Her får ikkje dette nye fylket med dette namneframlegget ei kommunal eller fylkeskommunal oppgåve, men også ei nasjonal og internasjonal oppgåve rett i fanget. Sjå til Brefylket korleis klimaet endrar seg. Brefylket kjem til å liggja midt i verda!

Arne Skjerven

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.