annonse

Budsjett for Vaksdal – SV sitt forslag

ALTERNATIVT BUDSJETT
ALTERNATIVT BUDSJETT: – Me meiner at elevane ikkje skal få eit dårlegare tilbod sjølv om me skal byggja nye skular. Me prioriterer årsverk og timar til tidleg innsats, skriv Kjartan Haugsnes og SV. (Foto: Anne Rivenes/Arkiv)

– SV vil som vanleg prioritere skule og oppvekst, skriv Kjartan Haugsnes i SV.

For ein distriktskommune som Vaksdal er det økonomisk tragedie å ha ei regjering av Høgre og Frp. Sentralisering og overføring av enorme summar frå det offentlege til dei rikaste i Noreg gjer ikkje godt for kommunekassa. Trass i dette har SV også i år synt at det er mogleg med dei midlane ein har og peika på ei retning i politikken.

SV vil som vanleg prioritere skule og oppvekst. Me meiner at elevane ikkje skal få eit dårlegare tilbod sjølv om me skal byggja nye skular. Me prioriterer årsverk og timar til tidleg innsats. Den andre store posten i vårt forslag er helse og omsorg. Det er sikkert ikkje nok, men me må få stogga nedbemanninga. Vaksdal kommune har i dei åtte første månadene i 2017 brukt om lag 1000 timar kvar månad til vikarbyrå. Det er mange heile, gode kommunale stillingar – om ein vil. Sjukefråveret er framleis høgt og me ønskjer å halda fram «aksjon sjukefråver» òg i 2018. Me vil prioritera arbeidet med, og leggja gode føringar for ein arbeidsgjevarpolitikk som ivaretek kommunen sine tilsette. Då får ein òg gode tenester.

Eit forslag som ikkje er så dyrt, men kan kanskje gjer ein forskjell for mange, er ein heil stilling ekstra på reinhald. Vaksdal kommune ligg over den såkalla arealnormen for vask av offentlege bygg.

ravet om å vaska 300 til 500 kvadratmeter i timen i gamle kronglete kommunale bygg er for høgt. Gamle bygg må naudsynt gje auka reinhaldskostnader. Me tek dette på alvor.

SV har òg i år funne pengar til vedlikehald av Herfindalsvegen. Denne er viktig for mange i Vaksdalsbygda og må prioriterast. SV vil òg koma Vaksdal vel i møte og ferdigstilla opprusting av senterparken. Sjølv om det kjem utbygging av veg og bane her ein gong i framtida, kan me ikkje gjera kommunen til eit venterom.

Til slutt vil eg syna fram SV sitt forslag om å starta arbeidet med å ta tilbake mat på institusjonane våre. Det har vore gjort eit fantastisk stykke arbeid på Voss dei siste åra. No ser det ut til at dei kan lukkast med å ta tilbake matstellet – her må Vaksdal kommune og kjenna si tid og få til det same. For folkehelse, trivnad, miljø og god økonomi.

Du kan lesa heile forslaget til SV på facebooksida vår.

God jol!

Kjartan Haugsnes, gruppeleiar for SV i Vaksdal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.