annonse

Dårlege råd frå direktørane

OM DELTIDSARBEID
OM DELTIDSARBEID: – Å få passet sitt påskrive av direktør Bratten er ikkje det som vil få deltidsarbeidande til å jobbe meir, meiner Anne-Mari Samskott. (Foto: Privat)

– Å få passet sitt påskrive av direktør Bratten er ikkje det som vil få deltidsarbeidande til å jobbe meir, skriv Anne-Mari Samskott i Ordet fritt.

Årskonferansen til NHO har som vanleg ført til god pressedekning og provoserande medieoppslag. Anne Kari Bratten, den godt betalte, kontorarbeidande direktøren i arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, hadde eit utspel om at deltidsarbeidande kvinner er late og materialistiske.

Bratten meiner kvinner som jobbar deltid gjer det fordi dei vil prioritere eigentid og shopping. Vi i Senterkvinnene oppfordrar Anne Kari Bratten til å hospitere ei veke som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege, politi, reinhaldar, lokførar eller barnehageassistent. Dette er yrke som krev svært mykje av kvinner og menn.

Å få passet sitt påskrive av direktør Bratten er ikkje det som vil få deltidsarbeidande til å jobbe meir. Det er tvert imot tilrettelegging, gode arbeidstidsordningar, betre løn, kortare dagar og god leiing. I Senterkvinnene jobbar vi òg for at kvinner og menn skal ha faste og heile stillingar. Vi er derimot heilt usamd med Bratten i at løysinga er å påføre skam og skuld for dei som vel noko anna.

Anne Kari Bratten er stolt av ein ting. Det er at ho ikkje har hatt hjelp i huset. Ho vaskar huset sitt sjølv, fortalde ho til Nettavisen i fjor. Kristin Skogen Lund kunne derimot ikkje klart seg utan praktikant når ungane var små, fortel ho under årskonferansen til NHO.

Skogen Lund meiner òg at norske kvinner må jobbe meir og heiltid. Direktøren i NHO, med ei årsløn på langt over 3 millionar kroner, er positiv til au pair- ordninga, og meiner det er ei ordning som kan bidra til at kvinner kan jobbe meir.

For ordens skyld kikka vi litt på krava til au pair. For det fyrste skal ein vanleg norsk familie ha ekstra rom i huset sitt, der au pairen skal bu. Familien skal dekke kost, losji, forsikringar, norsk-kurs og løn. Løna (òg kjend som lommepengar) er på 5600 kroner i månaden.

Vi kan lese på Hegnar.no at au pair er dyrare enn ein skulle tru. Familiane som vel å lytte til råda frå direktør Skogen Lund, og skaffar seg au pair for å jobbe meir turnus på det lokale sjukehuset eller i politiet, er dermed ikkje garantert å gå i pluss.

Vi i Senterkvinnene meiner familiane klarar å finne gode løysingar for å få kvardagen til å gå rundt sjølve. Å kjøpe tenester i heimen kan vere ei løysing for mange.

Å lytte til rådet frå Skogen Lund om å betale fattige utanlandske kvinner 5600 skattepliktige kroner i månaden for å jobbe 30-timars arbeidsveke, synest vi er så langt unna likestilling ein kan komme. Å anbefale dette vitnar om at direktøren ikkje lenger kjenner vanlege folk.

Vanlege folk har ikkje praktikantdel eller råd til au pair. Ho oppmuntrar òg til sosial dumping av fattige utanlandske kvinner. Senterpartiet var det einaste partiet som på Stortinget i fjor vår stemte saman med SV for å avskaffe denne lovlege utnyttinga av kvinner frå utlandet.

Kjøp gjerne tenester i heimen din, men betal den løna du sjølv ville hatt.

Anne-Mari Samskott, sentralstyremedlem i Senterkvinnene

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.