annonse

Dei fer berre med halve sanninga

REDUSERTE INNTEKTER
REDUSERTE INNTEKTER: Tidlegare har Voss kommune henta mykje pengar herfrå. – Dei siste fire åra har Voss kommune sine inntekter frå kraftverk blitt redusert med 10 millionar årleg. Inntektene skrumpar inn, skriv Hans-Erik Ringkjøb. Fotoet er frå BKK sitt kraftverk på Evanger. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

Nok ein gong får me beskjed­ frå Frp- og Høgreregjeringa at me skal jubla over politikken deira.

Dei slår retorisk fast at dei aukar løyvingane til kommunane. Til alle som trur at dette er sant, bør ein i alle fall stilla eit kontrollspørsmål, kva med baksida av medaljen. Er det ei historie som ikkje vert fortalt?

Svaret er ja, det handlar om å gje med den eine handa og ta med den andre. Gjennomgåande råkar denne politikken distrikta våre. Den rause politikken overfor kommunane, er berre tilsynelatande raus.

For eigen kommune kan det illustrerast­ ved den systematiske nedgangen me har fått dei siste åra. Det er ikkje så lett å sjå dette, men for Voss er det dramatisk. Lat meg forklara: Over tid har regjeringa sett på at eige­domsskatt frå kraftanlegg har blitt mindre. Med låg kraftpris har verdien av kraftanlegga gått ned, og ergo går grunnlaget for inntekter til kommunane ned. Dei siste fire åra har Voss kommune sine inntekter frå kraftverk blitt redusert med 10 millionar årleg. Dette held fram neste år. Inntektene skrumpar inn.

Så har dei i statsbudsjettet framlegg om å frita nettanlegg for eigedomsskatt. Dvs at me får ein ny reduksjon på mellom 3,5 til 4 millionar årleg berre for Voss kommune. Tek me med Granvin, som i lag med Voss skal blir Voss herad, snakkar me om over 5 millionar mindre årleg. Tek me med inntekter som alt er tapte, er me oppe i samla mindreinntekt på 15 millionar årleg.

Så spør du gjerne, er ikkje ­dette bra for Voss kommune, for me eig jo Voss energi, og dette må jo gje meir overskot og meir utbyte til kommunen? Nei, det er nok for godt til å vera sant, for energiselskapa har skattefrådrag for delar av eigedomsskatten. Den som faktisk tener på dette er staten, som får auka skatteinntekter frå kraftselskapa. Ressursar vert flytta frå distrikta til sentrale strok. Ein meir enn 100 år lang samfunnskontrakt mellom kommunane som stiller sine område til disposisjon for vasskraftutbygging og staten, vert broten gjennom eit enkelt budsjettvedtak. Det er me som får mindre til velferdsproduksjon, det er konsekvensen.

Dette er den gjeldande og førte distriktspolitikken. Flotte grafar viser auke over tid i frie inntekter til kommunane, det er lett å bita på, det er lett å sola seg i glansen. For regjeringa lyg ikkje, den fer berre med halve sanninga. Den andre halvdelen av sanninga er både komplisert å forstå og lett å gøyma vekk. Men dei som ser heile sanninga, ser at det ikkje blir lettare å få dei kommunale budsjetta til å gå i hop!

Eg kan til slutt nemna at med 15 millionar ekstra årleg kunne me hatt 17 fleire sjukeheimsplassar, eller 25 fleire lærarstillingar eller 75 fleire barnehageplassar eller gjort investeringar for om lag 275 millionar kroner.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.