annonse

Demens er inga skam

DEMENS
DEMENS: Mor mi (alzheimer) og kona mi (frontallappdemens) er begge døde, men då me fekk sjukdomen i familien, sakna eg som einebarn og mann kunnskap om kva som venta meg, skriv Sigmund Bleie. (Foto: Barabas Attila/Colourbox)

Demens er inga skam – om lag 80.000 personar har demensdiagnose i Noreg.

Ingen veit kven av oss som får ein demenssjukdom. Men om lag 10.000 personar får diagnosen i Noreg kvart år. Det er inga skam å få demenssjukdom, men det er trist, for vitskapen saknar enno god medisin og nok kunnskap.

Over 300.000 familiemedlemer som er nære og friske, kan berre freista å trøysta og å lindra stoda til den sjuke etter beste evne til døden kjem, friande. Årsaka til demens er enno ikkje kjend, og mange nyfikne, dyktige forskarar søkjer løysingar «worldwide».

Mine røynsler: Me som har mist våre kjære, og har sett realitetane i kvitauga og endeleg kome styrkt ut psykisk, kan kanskje bruka litt grovare skyts i snakk og skrift, enn dei som no er midt oppe i ein vond situasjon. Den vonde realiteten må likevel fram i ljoset. Mor mi (alzheimer) og kona mi (frontallappdemens) er begge døde, men då me fekk sjukdomen i familien, sakna eg som einebarn og mann kunnskap om kva som venta meg. Det verste var å ikkje få lov av kona mi å snakka med nokon om demens-sjukdomen hennar (skam). Eg mangla også kunnskap om at det, då som no, ikkje fanst medisin mot denne vonde sjukdomen. Det var vondt ikkje å kunna gje mor, som budde i Ullensvang, nok omsorg dei siste åra ho levde. Me budde i Masfjorden som er fem timar unna med bil. Kona mi hadde då vorte sjuk, og ho trong omsorg frå meg heile døgeret. Med røynsle gjennom langt meir enn 15 år, har eg sett opp stikkordliste som eg vonar andre kan ha nytte av.

Om mistanke: Tidleg og rett diagnose er svært viktig. NB! Lege + spesialist. Sjukdomen har diverre utvikla seg i fleire år før ein får ein av fleire moglege diagnosar, nokon er til alt hell «mildare» enn andre.

Omsorg: Ver opne om sjukdomen, særleg med dei næraste som den sjuke ofte er saman med. Den sjuke og me som er nære, må vita at kvardagen vår frå no vert sterkt endra. Ta sjølve kontakt med hjelpeapparata i kommunen og den lokale demensforeininga. Omsorg frå slekt og vener blir også best om diagnosen vert gjort kjend og akseptert av alle nære tidleg i sjukdomen. Be om at den sjuke let oss få lov å snakka om sjukdomen og framtida før sjukdomen skrid fram, og den sjuke endrar personlegdom og vert hjelpelaus. Kanskje også blind og utan taleevne.

Den friske pårørande må få hjelp til å ha nok tid til å passa arbeidet (økonomi) og eiga fysisk og psykisk helse.

Nokon å snakka med: Nasjonalforeningen for folkehelsen har fleire likepersonar i kvart fylke. Desse har erfaring frå demenssjukdom i eigen heim. Nasjonalforeningens Demenslinje er 23 12 00 40.

For å halda oss friske lenger er det betre å førebyggja enn å freista reparera i ettertid.

■ Ha einkvan å snakka med

■ Trim kropp og hjerne

■ Gå turar, nokre timar i veka

■ Få nok og god søvn

■ Et frukt og grønsaker og gjerne fisk

■ Sjekk gjerne: B12 og D-vitaminnivået ditt

Eg oppmodar også til å støtta forskinga økonomisk.

Å kjøpa ein blom som berre visnar etter kort tid, eller blir nedgraven, gjev ikkje forskingsresultat. Eg oppmodar oss alle, i staden for blomar som berre visnar eller blir spadde ned, å senda minnegåver direkte til forsking på sjukdomen som forårsaka dødsfallet til den me vil minnast.

Eg har dei siste åra kjøpt nokre bårebukettar, og dei minste kostar snart 4-500 kroner kvar. I denne samanheng vert små bekkar snart ei stor å. Kontonummeret til forskingsinstitusjonen bør stå i dødsannonsen. I gravferda til mine kjære, tok me sjølve kostnaden med å pynta kister og kyrkjene (Ullensvang og Frøyset). Dei innkomne gåvene vart gjevne til forsking og sjukeheimen si demensavdeling.

Sigmund Bleie

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.