annonse

Den nye Hangursbanen

NY GONDOL
NY GONDOL: – Slik vi er opplyst i saka, tek Voss Resort AS og Voss Gondol AS ein stor risiko dersom dei vel å starta opp arbeidet før retten har konkludert i saka og Statens jernbanetilsyn har gjeve driftsløyve, skriv Eldbjørg Foldnes Finne og Einar Kvitne i Ordet fritt. (Foto: Illustrasjon)

Den endelege avgjerda om gondolprosjektet let seg realisera eller ikkje, skal blant anna takast i rettsapparatet der retten skal ta stilling til lovlegheita av prosjektet.

Nye Hangursbanen vert ferdig til neste sommar. All tvil er borte: Selskapet Voss Gondol AS byggjer ny Hangursbane.»

Dette og mykje meir stod å lesa i Hordaland 16. januar.

Vidare kunne ein lesa at «avgjerda om å trø til med gondolprosjektet vart teken på styremøte i Voss Resort AS og Voss Gondol AS torsdag 11. januar, kunne Øyvind Wæhle opplysa på Bavallstunet måndag.»

Som råka huseigarar av gondolprosjektet vil vi koma med nokre tilleggsopplysningar til den optimistiske gladmeldinga. Det som står å lesa i Hordaland 16. januar er langt frå heile sanninga.

Slik vi som involverte partar kjenner saka frå innsida, er det ikkje i styremøte i Voss Resort AS og Voss Gondol AS at realismen og framtida i gondolprosjektet vert avgjort. Den endelege avgjerda om gondolprosjektet let seg realisera eller ikkje, skal blant anna takast i rettsapparatet der retten skal ta stilling til lovlegheita av prosjektet. I tillegg må også Statens jernbanetilsyn gjeva driftsløyve.

Kva tid saka kjem opp for retten veit ein enno ikkje.

Slik vi er opplyst i saka, tek difor Voss Resort AS og Voss Gondol AS ein stor risiko dersom dei vel å starta opp arbeidet før retten har konkludert i saka og Statens jernbanetilsyn har gjeve driftsløyve.

Vi meiner det er rett og rimeleg at alle som ventar på den nye gondolen også er kjent med denne sida av saka. Her skulle vi gjerne ynskja at Hordaland også hadde vore meir kritisk og nyansert i sitt arbeid for å få denne informasjonen ut til folket.

Eldbjørg Foldnes Finne og Einar Kvitne

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.