annonse

Eg er sint

SKUFFA
SKUFFA: – Eg er skuffa over rikspolitikarane våre, skriv Ingvald Ringheim. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Illustrasjon)

Eg er skuffa over rikspolitikarane våre.

Pengane sit laust til ein del ting. Milliardoverskriding på stortinget sin bygning i Prinsens gate 26, uroar dei ikkje. Olemic & co. går rundt like blide og joviale som om ingenting har hendt. I ei stove, ein annan plass i landet vårt, sit ei ung mor og gret fordi barnet hennar må døy. Medisinen er for dyr. Eg skal ikkje misbruka spalteplass, men der er masse grums ein kunne ta fatt i.

Eit ordtak seier at folket får dei politikarane dei fortener.

Derfor fekk amerikanarane sin Trump. Tyskarane som er dei dyktigaste og mest effektive i verda, fekk si Merkel. Dyktig dame. Eg vil ikkje gå for mykje i detalj om kva me har fått her i landet. Eg reknar med me har fått som fortent.

Ingvald Ringheim

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.