annonse

Ein vanvittig milepæl

AV ANDRE GRUNNAR
AV ANDRE GRUNNAR: Tor Nedrebø er samd med ordføraren i at vedtaket om å byggja Hangursbanen er ein vanvittig milepæl. – Men av andre grunnar enn ordføraren nemner i Hordaland. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Så lenge soga om ny gondolbane på Voss har pågått, har eg aldri vore meir samd med ordføraren.

Ein vanvittig milepæl er det, men av andre grunnar enn dei ordføraren nemner i «Hordaland».

Gjennom reguleringsplan og oreigningsvedtak har Voss Gondol fått rett til det som heiter «forhåndstiltredelse» av grunnen der gondoltraseen skal koma.

Det dei enno ikkje har på plass er løyve til drift og bygging av sjølve taubanen. I Taubanelova heiter det m.a. at det ikkje kan setjast opp bygningar under ein taubane slik den nye gondolbanen vert rekna som.

Kva vil det ha å seia for dei husa som alt står i traseen? Må dei rivast? Det veit ikkje me huseigarar som vert råka. Det kan heller ikkje motparten vår i Voss Gondol gje oss svar på.

Saka skal opp for domstolen. Retten må ta stilling til om oreigningsvedtaket er i strid med Taubanelova.

Me synest ikkje det er greitt at Voss kommune og Voss Resort/-Gondol ikkje ventar på ei endeleg avklaring i domstolen. For oss verkar det som ein taktisk manøver å byggja ut mest mogeleg før domstolen skal ta stilling til om dette er lovleg. Vert det vanskelegare å stoppa det når ein har brukt så mykje av offentlege midlar i utbygginga?

Me er og sers vonbrotne over vossabankane som ikkje set som vilkår at alle løyve må vera på plass før dei seier seg viljuge til å finansiera gondolbana.

Om nokon lurer på det: Også me huseigarar og arge motstandarar vil retta oss etter domstolen si avgjerd.

Tor Nedrebø

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.