annonse

Er det Bane Nor eller samferdsleministeren som styrer?

LA ARBEIDET GÅ FRAMOVER
LA ARBEIDET GÅ FRAMOVER: – Bane Nor har ikkje folk og utstyr til å setja i gang føringane­ til Norsk Transportplan (NTP) i Oslo-området. Det godtek visst samferdsleministeren akkurat som NSB ikkje har folk nok til å køyra dei oppsette togrutene, skriv Arne Skjerven i Ordet fritt. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Får til dømes eit skipsverk arbeid på mange millionar, er folka i arbeid på kort tid. Korleis kan det då ha seg at Bane Nor ikkje klarer det same?

Bane Nor har ikkje folk og utstyr til å setja i gang føringane­ til Norsk Transportplan (NTP) i Oslo-området. Det godtek visst samferdsleministeren akkurat som NSB ikkje har folk nok til å køyra dei oppsette togrutene.

Kva er då meininga med NTP? Samferdsleministeren er sjef for både Bane Nor og NSB som statselskap. Dette burde ministeren då sjølvsagt vita, og ikkje gå inn for sårt tiltrengte jarnbanemidlar på stader der dei ikkje kan verta nytta straks. NTP får såleis eit skammeljos over seg. Det er ein plan der mange strevar­ for å få pengar, ikkje minst ute i landet for å gjera tilboda til dei reisande betre, og for å korta ned reisetidene.

Vert pengane fordelte slik for å blidgjera folk der det bur flest folk, så får folk elles i landet gøy vidare etter pengar, der pengar kan nyttast straks.

Me har sett at folk må seiast opp i litt tungare tider. Men ljosnar det, og tiltaka kjem, så kjem arbeidet i gang heller fort. Får til dømes eit skipsverk arbeid på mange millionar, er folka i arbeid på kort tid. Korleis kan det då ha seg at Bane Nor ikkje klarer det same?

Dette er ille at det no kjem på toppen av haugevis med avviklingar i Bane Nor og NSB. Stasjonar er nedlangde, tenester og hjelp er borte, kryssingspor langs til dømes Bergensbanen i hopetal vert mest ikkje nytta. Frå Voss og austover er det kryssingspor­ på Urdland, Reimegrend, Mjølfjell, Myrdal, Hallingskeid, Finsetunnellen, Finse, Gråskallen, Haugastøl, Ustaooset, Geilo og så vidare.

Her er investert i milliardsummar for at desse store (med unntak av nokre få stader) mest ikkje vert nytta. Men når dei ikkje vert nytta til kryssing av tog, så kunne dei nyttast i arbeid med utbetring av jernbanen utan at det vert store togseinkingar. Men noka heilskapleg tenking og planlegging er det visst ikkje.

No har det gått så langt, at Forum Nye Bergensbanen bør ta over og tenkja for Bane Nor og ministeren. Dei skjønar betre enn både han, Bane-Nor og NSB til saman, vil eg tru.

Lukke til, og lat arbeidet gå framover!

Arne Skjerven

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.