annonse

Er det ein menneskerett å få lov til å bråka?

LUFTSPORTARANE OG STØY
LUFTSPORTARANE OG STØY: – Eg vil oppmoda luftsporten å tenkja nytt. Løys støyproblemet og de kan hoppa dag og natt, sundag som måndag. Susen frå fallskjermane lever dei fleste godt med, skriv Gunnar Løkkebø. (Foto: Knut Markhus/Arkiv)

– For meg blir det lite truverdig når han kallar Bømoen for «ei fantastisk naturperle», på same tid som han krev å leggja band på heile området med støy, skriv Gunnar Løkkebø om Andreas Håland Hemli sitt lesarinnlegg.

I laurdagsavisa forsvarar Andreas Håland Hemli luftsportarane sin rett til å bråka. Ja ikkje berre det, han trugar nærast med at dersom ikkje folk frå Bergen og heile Noreg får lov til å bråka i Tjukkabygde, ja då altså ...

Kva, er litt uklart, for ut frå det han skriv er visst Bømoen ein av svært få plassar dei har høve til å driva med bråket sitt. I verste fall, at dei ikkje får bråka så mykje som dei har lyst til, kanskje dei til og med sluttar å bråka i rein protest?

For meg blir det lite truverdig når han kallar Bømoen for «ei fantastisk naturperle», på same tid som han krev å leggja band på heile området med støy.

Ifylgje forureiningslova er det vel eit prinsipp at den som ureinar skal betala for reinsing og vernetiltak. I så måte er det vel ikkje bygdefolket i Tjukkabygde og Bømoen AS sitt ansvar at luftsport medfører lydforureining?

Eg vil oppmoda luftsporten å tenkja nytt, slik m.a. Ivar Husdal tek til orde for 18. januar. Løys støyproblemet og de kan hoppa dag og natt, sundag som måndag. Susen frå fallskjermane lever dei fleste godt med.

Kanskje har til og med eg ein idé til ei lydsvak løysing, men den giddar eg ikkje presentera i avisa. Men kompetansen til å vurdera løysinga finst i Hordaland sin lesarkrins, så kanskje eg skal lufta ideen for dei ein dag.

Gunnar Løkkebø

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.