annonse

Er vår eigen kunnskap null verd?

STILLER SPØRSMÅL
STILLER SPØRSMÅL: – Eg har 45 års erfaring, men er pr definisjon ikkje skikka til å laga min eigen gjødselsplan, skriv Geirr Fagnastøl. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

I landbruket kan ein få tilskot til drifta, om ein ter seg rett.

Eitt tilskot heiter kulturlandskapstilskot. Det har du krav på om du steller jorda di på ein berekraftig måte. Paragraf 1.

På Fagnastøl gjer me det. Me gjødslar vedlikeheld grøfter og grasarter, og tilfredstiller kravet som er for å få tilskot. Men me får ikkje tilskot. Kvifor? Jau fordi me ikkje har kjøpt tenester hjå konsulent. Ein konsulent som skal laga ein gjødselsplan.

Eg har fagleg utdanning til å vurdera gjødselsmengde og 45 års erfaring som bonde, men eg er pr. definasjon ikkje skikka til å laga min eigen gjødselsplan.

Korleis føler de andre i vårt samfunn det? Føler de det slik at dykkar kunnskap og erfaring er NULL verd?

Geirr Fagnastøl

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.