annonse

EU-forslag som får store konsekvensar for norsk næringsliv og den vanlege forbrukaren

GJEV DYRARE STRAUM
GJEV DYRARE STRAUM: – Me må seia nei til at Noreg skal gå inn i EU sitt energibyrå. Elektrisk kraft er den viktigaste ressursen for landet vårt, skriv Anna Margrete Flåm. Om Noreg går inn i EU sitt energibyrå, vil det gje dyrare straum. Illustrasjonsfotoet er frå Evanger kraftverk. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

Regjeringa har lagt fram forslag til behandling i Stortinget 18. mars om å innlemma Noreg i EU sitt energibyrå/ACER.

Forslaget får svært mykje å seia for framtida for norsk næringsliv og for vanleg forbrukarar. Det er eit stort ansvar som kviler på den enkelte stortingsrepresentant den 18. mars.

Nei til EU åtvarar sterkt mot å stemma ja til regjeringa sitt forslag av fylgjande grunnar:

ACER HAR SOM oppgåve å vedta, utøva og overvaka nasjonale reguleringsstyresmakter og systemoperatørar i alle land som er tilslutta. I Noreg er dette i dag lagt inn under NVE, Norges vassdrags- og energidirektorat og Statnett. Føremålet er å sikra at EU sitt regelverk for elektrisitets- og gassmarknad vert gjennomført. Dette omfattar elektrisitet, gass og grensekryssande krafthandel. ACER har vedtaksmakt på fylgjande område:

• Artikkel 7 gjev ACER makt til å gjera vedtak om tekniske spørsmål. Det vil seia at byrået bestemmer reglar for flyt av straum gjennom overføringskablane i landområda som er tilslutta ACER.

• Artikkel 8 gjev ACER makt til å avgjera saker der det er usemje mellom nasjonale organ og også der byrået sjølv meiner det er manglande tilgang til overføringskablar eller røyrsystem over landegrensene. For Noreg er Overvåkningsorganet ESA tiltenkt den formelle rolla å gjennomføra vedtak i direkte samsvar med forslag frå EU-byrået.

ACER opnar for fri flyt av kraft internt mellom alle land som er tilslutta. Byrået kan gripa inn i alle tilfelle der nasjonale tiltak verkar konkurransehemmande – dvs. bryt med EØS-reglane om «fri flyt». ACER skal avgjera kva veg straumen skal gå i kablane og overføringskapasiteten mellom landa.

REGJERINGA OPPLYSER I sitt forslag at norsk innlemming i ACER ikkje medfører overføring av styringsmakt som krev vedtak etter Grunnlova §115 (tidlegare § 93). Denne paragrafen opnar for å overføra styringsmakt til internasjonale organisasjonar der Noreg er medlem dersom det er tre fjerdedels fleirtal for det i Stortinget.

Regjeringa seier Grunnlovas §115 ikkje er vedrørt fordi vedtak frå ACER skal gå via ESA, EFTAs overvakingsorgan, der Noreg alt er medlem. Regjeringa føreslår også å etablera ei ekstra norsk ordning med namn Reguleringsstyresmakt for energi (RME). RME skal vera det norske organet som ESA, EU og ACER skal forhalda seg til. RME skal vera heilt uavhengig av norsk politisk kontroll og skal ikkje kunna instruerast av nasjonale styresmakter, slik NVE og Statnett kan i dag. ACER skal gjera vedtak, senda til ESA som skal gjera same vedtak og senda vidare til det norske RME, som skal gjera same vedtak. På denne måten prøver regjeringa å laga ei ny transportrute for å omgå spørsmål om suverenitetsavståing etter Grunnlova §115.

Å OPPRETTA ORGAN av typen RME inngår i ei meir generell utvikling internt i EU. I EU vert aukande makt flytta bort frå EU-kommisjonen, som den norske kontakten i dag skal vera retta mot, og over til nyoppretta og overnasjonale EU-tilsyn og EU-byrå. I desse har Noreg ikkje fullt medlemskap på grunn av Grunnlova §115 som set hinder, og deltek difor utan røysterett.

Nettopp for å omgå Grunnlova og for å oppnå full norsk tilslutting inn under EUs byrå, er det laga ein eigen konstruksjon der vedtak frå EU-byråa kan bli gjort gjeldande for Noreg gjennom EFTAs overvakingsorgan, ESA, fordi der er Noreg medlem. ESA er på serskilte saksfelt bunden til å gjera same vedtak som EU-byråa. I 2016 vart ein slik konstruksjon brukt for å knyta Noreg til EUs finanstilsyn. Det er nettopp denne strategien som no ligg innebygd i det aktuelle forslaget om å få Noreg tilslutta EUs energibyrå gjennom å oppretta RME som eit nytt norsk vedtaksorgan. Der skal RME stå utanfor norske styresmakter, men vera bunde av vedtak i ESA, som i sin tur er bunde av vedtak i EUs energibyrå. Det kan slik synast mogleg å hoppa bukk over Grunnlovas §115 og norsk krav til folkestyre gjennom landets Storting.

OGSÅ JA TIL EU-mannen Espen Barth Eide frå Ap som er saksordførar for saka i Stortinget, prøver å omgå spørsmål om suverenitetsavståing. Hans forslag er å «stilla krav» til EUs energiunion. Men motstandarane i Ap som kan saka, peikar på at hans forsøk på internt kompromiss i Ap forledar: Dei viser at hans forslag om krav om framleis eigarskap til norsk olje, gass og vasskraft er overflødige fordi ACER-saka ikkje handlar om eigedomsrett, men om sjølvråderett. Det vil seia retten til suverent sjølv å bestemma kva den norske krafta skal brukast til. Dei peikar på at norske styresmakter ikkje beheld politisk styring når den blir utøvd via REM etter pålegg fra ESA og ACER.

Olje- og energiminister Søviknes seier på si side at Noreg har full nasjonal kontroll over energiressursane sjølv om landet blir medlem i ACER. Han forklarer det med at «ACER vil kun avgjøre i spørsmål der det det er tvister mellom land» (Klassekampen, 26.01.2018), så at ein kan ta det med ro så lenge Noreg er einig med EU. Hans forsikring er oppfatta som forsøk på «alternative fakta» og som rein omskriving av fakta.

FOR DEN SOM ynskjer klar tale, er det avgjerande å lytta til landets fremste juridiske ekspertise. Til dømes professor i rettsvitskap, Eivind Smith, som åtvarar mot regjeringa si omgåing av Grunnlova §115 i denne saka. Han opplyser at eit organ som det føreslåtte RME er ein ny type juridisk konstruksjon som ikkje tidlegare er kjent i norsk forvalting. Det skal vera heilt uavhengig av politisk styring på eit vis som ikkje gjeld for noko anna uavhengig organ i forvaltinga. Det har difor ikkje nokon tydeleg plass i norsk politisk styring.

Likeeins peikar landets fremste juridiske ekspertise på at Ja-mannen Barth Eide sitt forslag til krav for å blidgjera motstandarar i Ap ikkje er mogleg å innfri fordi norsk særordning vil koma til å utløysa tilsvarande eller andre krav frå Sverige, Finland, osv. Uforpliktende utsagn frå EU-parlamentarikarar kan formulerast, men kan ikkje bli juridisk bindande for dagens eller framtidas EU.

Likeeins seier energiekspert og professor emeritus, Øystein Nordeng, at tilknyting til ACER er ingen god idé. Gjennom ACER kan EU tilta seg styringsmakt over maksimums- og minimumsprisar, produksjonsvolum og andre inngrep. EU har særleg behov for norsk vasskraft. Det er i Noreg si interesse å kunne handla med heile Europa, inkludert Storbritannia.

I klartekst betyr dette at regjeringa sitt forslag medfører overføring av makt og kontroll bort frå norske styresmakter. Tilslutting til ACER gjennom ESA og RME er eit steg for å skaffa EU kontroll over infrastruktur, kablar og overføring, ikkje ved å eiga, men gjennom å kontrollera bruk. ACER vedtek regler og overvakar at straumen flyt etter marknadsomsyn utan nasjonale omsyn. EU sine konkurransereglar slår inn og forbyr å gje enkeltland fordelar.

I DAG ER Noreg ein stor energinasjon, og etter Russland den viktigste leverandøren til EU av gass. Elektrisk kraft er den viktigaste naturressursen i landet vårt – viktigare enn fisk og olje. Elkraft gjev grunnlag for lys og varme i husa og billeg straum til produksjon og industri.

Noreg har den største smelteverk-industrien i Europa og billeg statskraft til all annan industri. Den kraftintensive industrien er basert på rein energi med stabilt gunstige kraftprisar. I tillegg er landet med i nordisk straum-marknad med overskot av kraft som gjev låge prisar. Nasjonal kontroll over vasskrafta både har vore og er avgjerande for å byggja opp norsk industri, landets velstand og folkestyrd fordeling av velstanden.

Konsekvensen av å slutta seg til EUs energibyrå er alvorleg og tosidig: Fyrst fordi det endrar rammene for norsk kraftintensiv industri som er bygd på stabil energitilførsel i form av stabilt gunstige kraftprisar. I Noreg utgjer dette meir enn 15.000 arbeidsplassar, og i tillegg rundt rekna fire jobbar relatert til kvar enkelt av desse. Mange er hjørnesteinsbedrifter i mindre byar og tettstader. Verdiskapinga var på 223 milliardar kroner i 2016.

For Vestlandet utgjer kraftintensiv industri oppimot 1500 arbeidsplassar i kvart av fylka (Statistisk Sentralbyrå, 2017). Til dømes har Karmøy, Årdal og Sunndal kvar mellom 900 og 1000 arbeidsplassar i denne typen hjørnesteinsbedrifter.

Å slutta seg til ACER gjev endra konkurransevilkår for denne industrien. Det medfører overføring av dyrare straum frå EU, som i tillegg er basert på kol og atomkraft. Difor åtvarar til dømes Fagforbundet «Industri og Energi» (LO), med 60.000 medlemer, mot norsk tilslutting til ACER fordi det fører til høgare straumprisar og avvikling av norsk kraftintensiv industri. I tillegg får tilslutting til ACER konsekvensar for den vanlege forbrukaren med høgare prisar på straum og nettleige regulert av EU sine marknadsreglar.

I TO FOLKERØYSTINGAR har det norske folket sagt nei til norsk medlemskap i EU. Begge gongene var Ap delt og Høgre for. I siste folkerøystinga (1994) var m.a. KrF, Venstre og Sp imot, mens Frp også hadde stor motstand mellom sine medlemer. Folkerøystingane hadde som viktigste mål å sikra norsk sjølvråderett og folkevald politisk styring over landet sine naturressursar. Også denne gongen er det same utfordinga for det norske folket og våre folkevalde representantar.

Evnar me å seia nei til å gje frå oss ein klar rett til å styra over oss sjølve – denne gongen over bruken av vår viktigste naturressurs? Evnar me å sjå at den politiske konstruksjonen som regjeringa føreslår, innfører udemokratiske spelereglar som tek bort folkevald, politisk kontroll over vår viktigste naturressurs?

Saka gjeld store pengar. Mange kunne ynskja å råda over slike summar heller enn at norske folkevalde skal bestemma. Kva er det ved det norske folkestyret som er betre for nasjonal og internasjonal solidaritet enn å delta i EU sitt maktorgan? Dette synest å vera ei gåte for EU-tilhengjarane. Det kan sjå ut som nokre ja-folk ventar og ventar og kjem igjen. Denne gongen tilslørt med «nytale» og «alternative fakta» om fordelane med å slutta Noreg til EU sine reglar for energi-omsetjing.

Demokrati og folkestyre er ikkje vunne ein gong for alle. Det må vaktast og kjempast for i no-tid. No gjeld det vår tid, våre verdiar og vår plikt til å stå vakt – denne gongen over råderetten over energi- omsetjinga. Den er avgjerande for velstanden og industrien og for den folkestyrde fordelinga som særpregar landet vårt. Det er å håpa at stortingsrepresentantar frå alle parti vaktar landet sitt folkestyre den 18. mars.

Anna Margrete Flåm, Nei til EU

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.