annonse

Farleg kyrkjeveg i Granvin

FARlEG I KYRKJESVINGEN
FARlEG I KYRKJESVINGEN: Bilar i stor fart og parkering langs vegen ved kyrkja fører til farlege situasjonar. Anders Seim føreslår å ta i bruk campingplassen sør for kyrkja til parkeringsplass. (Foto: Sigrid Seim/Arkiv)

Det er ikkje utan risiko å ferdast på kyrkjevegen i Granvin.

Det kan det ikkje vera mange delte meiningar om. På kyrkjelege høgtidsdager, i gravferder slik som i forrige veke og på kulturkveldar, må kyrkjefolket passa seg for biltrafikken utafor kyrkjetrappa. At det ikkje har skjedd alvorlege ulukker på denne staden, må seiast å vera meir enn eit Guds under.

Dei visste nok kva dei gjorde, forfedrane våre, då dei bygde kyrkja si på den finaste plassen ved Granvinsvatnet. Det dei ikkje kunne veta, var at snart 300 år seinare er Granvinskyrkja «omringa» av ein av dei mest trafikkerte fylkesvegane i landet. Den er stamveg mellom Aust- og Vestlandet og den er mykje brukt lokalt og regionalt. Vegen går i ein skarp og uoversikteleg sving langs kyrkjemuren. Eit steg ned frå kyrkjetrappa, så står du på vegskuldra i fylkesvegen. Kortare veg mellom himmelriket og dødsriket enn på trappa til Granvinskyrkja, skal ein leita lenge etter.

Mange brukar bil til kyrkja. Då det ikkje er regulerte plassar å setja bilen frå seg, parkerer fleire på vegskuldra mot kyrkjemuren. Det er heller ikkje uvanleg å sjå folk ta seg fram på fylkesvegen. Då oppstår det lett farlege situasjonar på grunn av motgåande trafikk. At dei parkerer ulovleg på vegskuldra er så si sak, verre er det at dei utset seg sjølve og andre for fare.

Er det mogeleg å gjøra noko med disse tilhøva? Ja, sei det. Eg veit ikkje om ein kan ta i bruk campingplassen sør for kyrkja til parkeringplass. Men det eg veit, er at plassen ikkje har vore i bruk på fleire år. Slik den no ligg, meiner fleire at den har sett betre dagar.

Det skal ikkje kosta heradet all verda å få dette området omregulert og opparbeidd til parkering. Det kan heller ikkje vera vanskeleg å koma fram til ei minneleg ordning med eigaren av plassen, sidan denne løysinga på trafikkproblema kjem alle i Granvin til å få gleda av. At ein òg kan spara liv og helse med ei slik løysing må vega tungt i drøftingane med grunneigaren

Å gå til oreigning av ein eigedom er eit alvorleg steg å ta. Men kan ein ikkje koma fram til ei minneleg ordning, har heradet øving i å oreigna eigedomar. Det kjem sikkert til å stå fleire gravensarar bak ønsket om å få til ei ordning på parkeringstilhøva ved kyrkja, enn det stod gravensarar bak den nye båthamna. Denne gongen er det snakk om ålmennyttige føremål, slik lova er meint for. Den gongen tok heradet i bruk lova for nokre båteigarar frå Granvin og Voss.

Avgjerda om oreigning skal ikkje vera vanskeleg for heradet å ta, dersom det vert naudsynt med denne løysinga. Det hastar med å få orden på parkeringstilhøva ved kyrkja. Om ikkje lenge vert Granvin stroke frå kommunekartet og folkefleirtalet vert flytta til Voss. Då er det ikkje sikkert at det vert plass på budsjetta til slike lokale tiltak som det her er snakk om.

Anders Seim

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.