annonse

Fire grunnar for å bevara Kvanndalselva

– ELVA ER LIVSÅRA
– elva er livsåra: Synnøve Kvamme ber kvar og ein av heradsstyremedlemene om å tenkja seg godt om før dei tilrår utbygging av Kvanndalselva. På fotoet Vigdis Reisæter (t.v.) og Anne Lorentzen som har teke initiativ for å byggja opp stølsvegen til Kvanndalsstølen. (Foto: Sigrid Seim/Arkiv)

Ope brev til Granvin heradsstyre.

På tysdag kjem saka om utbygging av Kvanndalselva opp på dykkar bord, og de skal avgjera korleis Granvin som herad skal stilla seg til Hardanger Energi sin søknad: Skal de tilrå at elva skal leggjast i røyr, eller bør ho bevarast for framtida? Dette er ikkje ei avgjersle de bør ta lett på, og grunnane for dette er mange, og handlar om meir enn naturvern.

Lat meg starta med oreigningslova. I denne saka er det grunneigarar i Folkedal som ynskjer at Kvanndalselva skal leggjast i røyr. Grunneigarane i Kvanndal, som har eit forhold til Kvanndalen og som bryr seg om elva, ynskjer derimot ikkje denne utbygginga. Sjølv om dei kunne ha tent pengar på det, ser dei ein større verdi i at elva skal få halda fram med å renna fritt frå fjell til fjord, i sitt naturlege elvelaup, til glede for oss som lever i dag og for dei som kjem etter oss.

Utan desse grunneigarane sitt samtykke betyr utbygging av elva oreigning – at grunnen med tvang vert teken frå grunneigarane som eig mesteparten av Kvanndalselva, og som ynskjer å bevara den. Dette vil vera eit stort inngrep i eigedomsretten, og er grunnen til at me har oreigningslova, som slår fast at «vedtak eller samtykke kan ikkje gjerast eller gjevast utan at det må reknast med at inngrepet tvillaust er til meir gagn enn skade». Kan de som kommunerepresentantar vera sikre på at utbygging av Kvanndalselva utan tvil vil vera til meir gagn enn skade? Ver klare over at dersom de tilrår denne utbygginga, tilrår de å med tvang oreigna grunnen til dei som vert råka, medan dei som ynskjer kraftutbygginga, ikkje bur der inngrepet får størst konsekvensar. Høyrest det kjent ut?

Er det eigentleg slik at Kvanndalselva må leggjast i røyr for framtidas energi? Påstanden om at me treng meir fornybar energi i Noreg er eit flittig brukt argument i spørsmål om kraftutbyggingar – og uansett kor mykje meir kraft som vert produsert, ser ikkje dette argumentet ut til å gå av moten. Sjølv ikkje etter tiår med storstilt kraftutbygging, og sjølv om det samla energiforbruket i Noreg har halde seg svært stabilt dei siste 20 åra.

Overproduksjonen av vasskraft er no så stor at svært få kraftutbyggingar er lønsame utan statleg subsidiering gjennom elsertifikatordninga. To av tre elvar i Noreg er no utbygde, og medan fornybar energi på ingen måte lenger er ei mangelvare her til lands – snarare tvert imot – vert urørte elvar stadig sjeldnare. Det er urørt natur som er i ferd med å bli ei mangelvare. I Hordaland er 60% av alle elvane utbygde eller under utbygging, og no er heller ikkje dei verna vassdraga lenger trygge. Kor skal grensa gå? Finst det alternativ til å legga dei siste elvane i røyr? Heldigvis.

Me nordmenn er på verdstoppen i straumforbruk og har eit enormt potensial i energiøkonomisering. Utrekningar frå Enova viser at me kan frigje 26,5 TWh ved å bruka energien me har meir effektivt, det same som 40 Alta-kraftverk! Investeringar i energieffektiviseringstiltak kan gje oss inntil tre gonger meir fornybar energi for pengane enn nye kraftutbyggingar, og burde såleis vera langt meir attraktivt enn å halda fram med å legga elvar i røyr, utifrå både økonomiske og miljømessige omsyn. I tillegg skjer det i dag mykje spennande på teknologifronten når det gjeld fornybar energi: Til neste år kjem til dømes Tesla sine solcelletaksteinar til Noreg, altså små solcellepanel i ulike design som liknar på vanleg takstein. Slike innovative løysingar kan revolusjonera heile energiproduksjonen og gjera oss i Noreg i stand til å frigje endå meir av vasskrafta me i dag bruker til oppvarming av hus, utan å øydelegga meir natur. Er ikkje det meir framtidsretta enn å subsidiera den vidare nedbygginga av vassdragsnaturen?

Eit anna argument i denne debatten, er påstanden om at inngrepet ikkje er så stort at det gjer noko – men å bygga ein demning for å tvinga ei elv ut or sitt naturlege løp og inn i ein tunell, er ikkje noko lite inngrep. Minstevassføringa vil bidra til at det sildrar så vidt, litt meir om sommaren, men elva vil aldri verta den same. Det er nettopp denne bit-for-bit tankegangen om nedbygging av naturen som gjer at alle grafar på naturmangfald rasar nedover, i Noreg som i resten av verda; at urørt natur forsvinn i eit ufatteleg tempo og at villmark snart vil høyra fortida til, om me ikkje endrar kurs. Det er ei trist og unødvendig utvikling, som me er nøydde å forstå at enkeltvedtak – også i vesle Granvin – bidreg til.

Eg ber kvar og ein av dykk om å tenkja dykk nøye om før de tilrår utbygging av Kvanndalselva. Dalen er unik – jomfrueleg, frodig og med regnskogpreg om sommaren. Elva er livsåra i dalen, og det som gjer den så spesiell. Ei gruppe grunneigarar i Kvanndal har saman med Granvin turlag nyleg starta eit initiativ for å setja i stand den gamle buførevegen opp til Kvanndalsstølen, for å leggja til rette for at fleire kan få oppleva dalen og vandra langs elva. Det vert ikkje det same med ein sildrebekk i eit turrlagt elveleie. Tenk dykk om før de tilrår at grunneigarane i Kvanndal skal få eigedomane sine oreigna.

Skaper slike prosessar bulyst og utvikling – eller konflikt og splittingar? Kan Granvin gå føre som ein framtidsretta kommune som klarar å sjå dei store samanhengane og tenkja langsiktig?

Nei til utbygging er også eit ja: Ja til å respektera grunneigarane som har eit nært forhold til elva, og som ynskjer å bevara ho. Ja til å ta vare på naturen og artane som lever i og av elva. Ja til å lata ei unik elv få halda fram med å renna fritt frå fjell til fjord – eit fenomen som vert stadig sjeldnare, trass i den store overproduksjonen me har av vasskraft.

Ja til ei utvikling basert på oppbygging av naturopplevingar, ikkje nedbygging av naturperler.

Synnøve Kvamme

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.