annonse

Fjordane baby ...

– FJORDANE FYLKE
– FJORDANE FYLKE: – Eg veit knappast andre plassar i dette landet som ligg slik til og har så mange namn knytt til endinga fjord som i Hordaland og Sogn og Fjordane, skriv Tom Hatlestad. – Fjordane fylke, eg helsar deg velkommen! (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Eg er oppvaksen i ein fjordarm langs Sognefjorden. Det betyr at eg vart ein sogning.

Denne sogningen har slekta si frå Sogn og Sunnfjord og vener og muligens slekt i Nordfjord.

Sørom fjella frå Sognefjorden og noverande fylke Sogn og Fjordane, ligg Hordaland som femner om Hardangerfjorden med alle sine tilhøyrande fjordarmar med eigne namn. Eg kjenner folk der óg eg, og veit dei femner fjorden sin kanskje sterkare enn andre eg kjenner i andre fjordar.

Eg veit knappast andre plassar i dette landet som ligg slik til og har så mange namn knytt til endinga fjord som her i desse to fylka – Hordaland og Sogn og Fjordane.

Knytinga til fjorden er nedlagt i oss, og vert knytt til innflyttarane også, temmeleg raskt.

For det er fjorden me held oss til, og fjella som lagar rammene om dei.

Fra Stadt til langt inn på Sognefjellet.

Så skal altså raske luftige hovud sitja på ærverdige Gulating og bestemma for oss og over oss alle, namnet på det nye fylket me skal delast om. Og med det skilja oss fra resten av folka som bur nordom og sørom oss i dei andra fjordfylka, og som me har delt det store namnet Vestlandet med i uminnelege tider.

Det er vel slikt som kan skje i vippeskjørt og med Chablis før lunsj – dette er kjekt, dere, schkål!

Lag ei folkeavstemming – ho hadde sikkert vore rimelegare i drift og meir edrueleg enn møtet på Gulating.

Fjordane fylke, eg helsar deg velkommen!

I Bergen by, var det noen som sang, Fjorden baby ...!

Tom Hatlestad

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.