annonse

For lite til flaum- og rassikring

FLAUM
FLAUM: «Løyvingane til flaum- og rassikring for 2018 bør styrkjast sterkt i dei komande budsjettdrøftingane og aukast monaleg i høve til 2017-løyvinga på 271 millionar», skriv Jon Hauge i Ordet fritt. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Me har i dei seinare år sett ein tendens til aukande tilfelle av ekstremnedbør og påfølgjande større flaumar med store ras- og flaumskadar på infrastruktur, bygg og natur, og med det sjølsagt desto større skadekostnader også.

Dette er eit utslag av komande klimaendringar; og prognosane frå klimaforskarane sine klimamodell-granskingar, viser at me vil få ein framleis auke i ekstremnedbør og auka flaumnivå både i storleik og hyppigheit framover.

Dei politiske styresmaktene løyvde for 2017 271 millionar til ras- og flaumsikring, budsjettframlegget for 2018 lyder på 155 millionar; sjølv om det var inkludert ekstra midlar til særskilte tiltak i 2017; så er det noko ein må rekna med som naudsynte tiltak i åra framover også. På denne bakgrunnen er 2018- framlegget til løyving nesten ein reduksjon til halvparten av det som vart bevilga for i år.

Dette er i strid med Paris-avtalen som legg føringar for arbeidet med tilpassing til klimaendringane. Den fastset eit globalt mål om å styrkja tilpassingskapasitet og klimarobustheit, og å redusera sårbarheit andsynes klimendringar. Styrkt tilpassing skal medverka til berekraftig utvikling. Målet gjeld både nasjonalt tilpassingarbeid og globalt samarbeid om tilpassing til klimaendringane.

Løyvingane til flaum- og rassikring for 2018 bør derfor styrkjast sterkt i dei komande budsjettdrøftingane og aukast monaleg i høve til 2017-løyvinga på 271 millionar. I komande år er det ikkje heilt urealistisk at slike løyvingar må passera ein milliard, og deretter må reknast i milliardsummar; men det vil løna seg for samfunnet å førebyggja og vera føre var i kampen mot våtare og villare naturkrefter, og det er mange stader i landet det vil vera aktuelt med flaum- og rasførebyggjande tiltak.

Jon Hauge

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.