annonse

Fortrengjer «SeaWalk» berekraftig turisme?

ULVIK
ULVIK: Illustrasjonbiletet til artikkelen av Erlend Hakestad viser SeaWalk i Skjolden. Dette er ute or soga, for tiltaket har hamna i Nordfjordeid. Så lenge får me nøya oss med dette biletet frå midt i september, der røyken låg ein time etter at båtet var faren. (Foto: Arne Skjerven)

Ulvik må sjølv utvikla arbeidsplassar i næringslivet, meiner Arne Skjerven.

Ulvik herad søkjer 12 stk bussjåførar og 12 stk guidar, som praktiserer eit par framandspråk kvar. Arbeidstid: Seks timar ein gong i veka medio mai til medio august», skriv Erlend N. Hakestad her i bladet. Dette meiner han som utflytt ulvikje ikkje er noko å flytta heim til med tanke på arbeid og levemåte.

Erlend er faktisk optimist i denne «stillingslysinga» si. Cruise Ventures med SeaWalk har nemleg sine eigne bussar, sist sett då ein båt låg på fjorden ein heil dag midt i september. Då har dei nok også sine eigne sjåførar. Dessutan har dei truleg eigne guidar for det meste, noko selskapet er kjent for. Om bord sel dei og turar lokalt og vidare, som dei tek inntekter for. Det einaste­ dei må leggja ut, er hamneavgift etter tal på reisande. Det kan verta fine summar på mange tusen for kvar båt, noko heradet siste åra har lete andre teke seg av.

Så, Erlend, me lyt nok senka taket på arbeidslassane her. Dei må Ulvik sjølv utvikla i næringslivet, som du skriv – og då med ein berekraftig turisme. Det tyder kan henda å lengja sesongane, ha meir å tilby av turar og opplevingar i bygda, ja, gjera Ulvik til ei trivselsbygd både for bygdefolk og tilreisande. Ein kan til dømes starta med det planlagde trivselstiltaket frå brua lengst ned i Tysso og opp til Mylna og området der. Dette vart vedteke for mange år sidan, men måtte vika då Ulvik kunne få smoltanlegg og arbeidsplassar. Dette vart det ingenting av, og sidan er saka ute or minnet på politikarane. Det vakre ordet­ vitalisering kunne her fått eit meinigsfylt innhald midt i sentrum, ja vore ei perle i Uvik. Og når kulturminneplanen ein gong vert ferdig (fristen er ute og fristen for å søkja midlar det same), er her mangt å finna til å oppleva for oss i bygda og dei som kjem hit.

SeaWalk skulle me få frå Skjolden. Det er ikkje aktuelt lenger, for han er hamna i Nordfjord. Skal me få ein slik kai, må det då truleg byggjast ny. Men like fullt, så er det verdt å sjå kva det førte til i Nordfjordeid. Ein privatperson gjekk inn med fem millionar. Arthur Kordt (Cruise Ventures) sette inn seks, medan Nordfjordeid kommune brukte 3,2 millionar i tillegg til trygd for 18 millionar til bank.

Dette er frå nettet, og folk bør sjå både på SeaWalk Skjolden og SeaWalk Nordfjordeid får å finna litt om dette og anna. Det er nok ikkje så beinkløyvt at Ulvik skal få kai gratis til 40 millionar, som det har vore fortalt til bygdefolket. – Og Cruise Venturers, får vel i stor grad «bukta og båe endane». Dei er med å styra kvar båtane skal gå, dei har bussar­ og guidar på plass.

Så veit me no at til dømes Bergen­ vil setja tak på cruisebåter. Dei vil der ha straumkablar til båtane, noko også Nordfjordeid vil gjera, og dette vert vanleg.

Arne Skjerven

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.