annonse

Forvaltninga av verdsarvfjordane må sterkare på banen

MANGLAR BERRE BUSSEN
MANGLAR BERRE BUSSEN: – Med tog kjem du til og frå Flåm, med ny heilelektrisk båt kjem du til og frå Gudvangen, så då er det bussen frå Gudvangen til Voss som står att, skriv Hans-Erik Ringkjøb, nestleiar i Verdsarvrådet. Fotoet viser elektriske Vision of the Fjords. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Under Grøn fjord Konferansen i Geiranger sist veke fekk me både presentert og demonstrert det nyaste innan grøn, utsleppsfri teknologi knytt til ferdsel i verdsarvfjordane.

Norsk maritim skipsfart går framfor og viser veg for korleis verdsarvfjordane kan verta utsleppsfrie område og døme for andre marine verdsarvområde på kloden.

NO ER TIDA inne for at forvaltninga av verdsarvfjordane kjenner si besøkstid. I Stortingsmelding 35 (2012-13) og 19 (2016-17) heiter det at «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltinga».

Me må utvikla verdsarvfjordane til grøne fyrtårn også i norsk forvaltning. Me må snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og levande fjordsamfunn i vekst. Strengare regulering som kan fremja låg- og nullutsleppsfri ferdsel både på fjord og land må på plass, slik at næringsaktørar som har mot til å investera i slik teknologi, ikkje vert straffa med at andre aktørar seglar inn og tek marknadsposisjonar med utrangert materiell til lågare pris.

14. november 2017 vart Norge valgt inn som medlem av UNESCO sin prestisjetunge verdsarvkomité. Det kviler difor eit ekstra stort ansvar for Norge å visa veg i god forvaltning av sine verdsarvområde dei neste 4 åra. Statsparten Noreg kan ikkje sitja i verdsarvkomiteen og samstundes ikkje klara å løysa utfordringane med forureining i verdsarvfjordane.

Me helsar difor strengare regulering for sjøfarten frå Sjøfartsdirektoratet velkommen og me utfordrar samstundes ei samla forvaltning av Vestnorsk fjordlandskap til å gjera modige grep som kan støtta opp under visjonen om «sporlaus ferdsel» i verdsarvfjordane i åra framover. Norge kan gjennom god forvaltning velja å nytta verdsarvfjordane som grøne fyrtårn for resten av verda.

Me er overtydde om at dette vil få positive verknader for norsk maritim skipsfart, samstundes som det vil skapa meirverdiar i lokalt reiseliv, og meir robuste fjordsamfunn for framtida, og samstundes sikra varige verdsarvverdiar for framtidige generasjonar.

ALDRI FØR HAR me klart å samla så mange relevante forvaltningsnivå og viktige aktørar med vedtaksmakt for verdsarvfjordane under eitt tak, som under Grøn fjord Konferansen sist veke. Her deltok kommunane, fylkeskommunane, fylkesmannen, lokal forvaltning verneområda, Sjøfartsdirektoratet, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet, Statens Vegvesen, Nasjonal Turistveg, Kystverket og hamnevesen.

Det er no på høg tid at alle forvaltningsnivå gjer sitt for å nå nasjonale målsetjingar.

Leiarskapet i Verdsarvrådet vil i tida framover ta ei rekkje nye initiativ for å fylgja opp Grøn fjord Konferansen:

- Invitera alle cruiserederi som opererer i verdsarvfjordane til eit dialogmøte kring forureining i verdsarvfjordane

- Invitera alle forvaltningsnivå i Vestnorsk fjordlandskap til eit samla møte kring våre miljøutfordringar på fjord og land

- Henta og dela erfaringar for god verdsarvforvaltning gjennom UNESCO sitt marine verdsarvprogram

DET MEST GLEDELEGE ved Grøn fjord konferansen 2018, var å registrera alle som står vakt om miljøet i si alminnelegheit og verdsarven i særdelesheit. Igjen er det stovereint og «inn» å snakke fram miljøsaka.

Det er gjort kvantesprang i utvikling av ny miljøvenleg teknologi, og her har privat sektor brøyta løype. Offentlege mynde må no fylgja opp med regelendringar som gjer det trygt og lønsamt å satsa på låg- og nullutsleppsløysingar både på land og sjø.

Verdsarven representerer både ein særleg verdi og eit særleg ansvar for statsparten, dvs. i dette tilfellet Noreg. Han er ikkje eit norsk særeige, men eit sameige for alle menneske på kloden. Difor vil generell nasjonal politikk ikkje alltid heimla nødvendige tiltak som krevst for ivareta og fremja arven.

Døme på tema der det er tidskritisk å utvikla «ny politikk», er innafor forureiningsfeltet og kulturlandskapspleie. Verdsarvrådet for Vestnorske fjordlandskap, har definert desse som særlege satsingsområde i tida framover.

GRØN FJORD-KONFERANSEN 2018 viste tydeleg at det er store moglegheiter for å foredla Noreg som reiselivsnasjon. Dette kan gjerast gjennom å ta i bruk moderne, rein teknologi. Og, mest gledeleg av alt, aktørar i reiselivsbransjen er klare.

For Nærøyfjordområdet bør fyrste steget vera å tilby sporlaus ferdsel gjennom verdsarven. Med tog kjem du til og frå Flåm, med ny heilelektrisk båt kjem du til og frå Gudvangen, så då er det bussen frå Gudvangen til Voss som står att.

Med den på plass, kan du reisa sporlaust i Vestnorsk fjordlandskap, både frå Oslo og Bergen. Mil etter mil med sporlaus ferdsel – det fortener både verdsarven og klimaet.

Arne Sandnes og Hans-Erik Ringkjøb, leiar og nestleiar i Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.