annonse

Framtida til Bømoen

– TRENG HEILSKAPLEG PLAN
– TRENG HEILSKAPLEG PLAN: – For oss synest det uregulerte alternativet å vera lite attraktivt for absolutt alle partar, no som Bømoen faktisk er selt til ein privat aktør. Lokala til fallskjermklubben, turløyper, parkeringsplassar og rekreasjonsmoglegheiter vil gå ei usikker framtid i møte, utan ein plan som eigarane finn det verdt å gå vidare med, meiner lesarbrevskribentane. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Om ikkje lenge skal kommunestyret på Voss stemma over framtida til Bømoen. Den siste tida har det vore sagt og meint mangt og mykje om denne saka, i ein tone som ikkje berre har vore konstruktiv.

No er det på tide å ta eit steg attende, sjå vekk frå det som er irrelevant, og fokusera på det som denne saka faktisk gjeld: Kva er det som ligg i framlegget til områdereguleringsplan for Bømoen, og kva moglegheiter står ein att med, dersom ein ikkje får vedteke ein konstruktiv plan for området?

OMRÅDEREGULERINGSPLANEN for Bømoen gjeld eit område på over 2000 dekar, med mellom anna 28 verna bygningar, mykje nytta turløyper, og flyplass. Tidlegare var området eigd av forsvaret, men i 2012 vart det selt til eit lokalt føretak, eigd av to lokale entreprenørselskap, etter open bodrunde. Voss kommune hadde i utgangspunktet forkjøpsrett, men takka nei til å kjøpa området.

Planen som kommunestyret skal ta stilling til, omtalar tre verdiar som heilt sentrale i samband med vidare utvikling av Bømoen:

  • Bømoløypa skal halda fram med å vera eit offentleg tilgjengeleg tur- og løypenett, med tilrettelagde utfartsområde og buffersoner mot hus og anna verksemd.
  • Over 1000 dekar skal vera grøne friområde.
  • Flyplassen skal vera sikra framleis drift med same aktivitetsnivå som i dag.

Med utgangspunkt i dette ynskjer utbyggjaren å leggja til rette for inntil 1000 bustader, aktivitetar og tilbod innan reiseliv og anna næring, og naudsynt utbygging av skule- og barnehagetilbodet i området. Bustadene vil kunne leggja beslag på inntil 6 prosent av det totale området reguleringsplanen gjeld. Det vil sjølvsagt ikkje verta bygd fleire bustader enn det etterspørselen tilseier, men utbyggjaren ynskjer å leggje til rette for moglegheita til ei heilskapleg utvikling over dei neste 20-30 åra.

I TAL ER det kome svært mange innspel til saka. Dei fleste av desse er ganske likelydande, og går i hovudsak ut på at innsendar ikkje ynskjer noko form for utbygging i Bømoen. Kva alternativ har så eigarane av området, dersom dei ikkje får vedteke ein plan dei finn det verd å gå vidare med?

Det er gjort avtale om vidare drift av flyplassen, så her vert det uansett inga endring. Men lokala til fallskjermklubben, turløyper, parkeringsplassar og rekreasjonsmoglegheiter vil gå ei usikker framtid i møte. Kommunen kan sjølvsagt vurdera ekspropriasjon til ulike føremål, men dette må i så fall finansierast. Tømmeret i moen er langt frå beste kvalitet, men kan hoggast og seljast. Alternativt kan eigarane av Bømoen la vindfall vera vindfall i åra framover, og ikkje bruka meir pengar på området inntil vidare. Det vil i så fall vera tvilsamt om andre har rett til å rydda stiar og halda turområda ved like, ettersom ingen lenger har avtale om dette. Eigarane kan og velja å selja heile området, men det vil i så fall vera deira avgjerd, og ikkje noko som kan vedtakast politisk.

FOR OSS SYNEST det uregulerte alternativet å vera lite attraktivt for absolutt alle partar, no som Bømoen faktisk er selt til ein privat aktør. Me kan framleis diskutera om det kunne ha vore betre om Voss kommune hadde kjøpt området den gongen det vart selt, men me må halda oss til realitetane i saka: Kommunen takka nei til å kjøpa! Me registrerte heller ikkje noko ynskje frå korkje den administrative eller den raudgrøne politiske leiinga om å gå i reelle forhandlingar med Skifte AS, som selde eigedomen på vegne av Forsvaret, eller med Forsvarsdepartementet, som var ansvarleg mynde.

– AVSPORING
– AVSPORING: – Debatten om Bømoen si framtid må attende til det konstruktive sporet han var i, skriv Iril Schau Johansen og hennar partifeller. Foto: Ingerid Jordal/Arkiv

Den gongen var det heller ikkje nokon stor offentleg debatt kring saka. Det var lite å høyra frå alle dei som no har kome med motsegner, og ingen reiste spleiselag for å sikra området til ålmennyttige føremål, slik det til dømes vart gjort for å få realisert Vossabadet. Hadde interessa for Bømoen vore like tydeleg den gongen som no, kunne diskusjonen kring ålmenn, vederlagsfri bruk av Bømoen utan noko form for utbygging, ha vore ein konstruktiv debatt. Då kunne biletet ha vore eit heilt anna i dag. Men Bømoen vart altså selt, og er no eigd av selskapet Bømoen AS. Me kan lika det eller ikkje, men det er faktisk dette som no er utgangspunktet for den vidare bruken av området.

I det siste har debatten kring Bømoen i stor grad enda opp i ein lite konstruktiv diskusjon om sponsormidlar. Me vil berre kort kommentera at det å stå for eigne meiningar, er ein rett folk har i eit fritt samfunn. Samstundes er det å vera sponsor, noko ein har høve til å vera, det er ingen plikt. Som arbeidsgjevar har ein eit stort ansvar. Når me les i sosiale medium, at lokale føretak med til saman kring 100 arbeidsplassar bør boikottast dersom dei ikkje deler ut pengar gratis, har mykje gått for langt. Kven som sponsar kven av lokale føretak og organisasjonar, er uansett ei avsporing med tanke på framtidig nytte og bruk av Bømoen.

DEN SOM SKAL eiga og forvalta Bømoen, har inga enkel oppgåve framfor seg. Mange reknar Bømoen som sin, og har sterke ynskje for kva som skal finnast der i framtida. Det er ikkje lett å gjera både fallskjermklubben som ynskjer meir aktivitet, og naboar og turgåarar som ynskjer mindre motorstøy, til lags. Men dette siste regulerer seg langt på veg sjølv. Det finst reglar for kva som kan tillatast av flytrafikk nær skule og bustadfelt, og så lenge kommunen ikkje har korkje ynskje eller midlar til å flytta skule og heimar, er grensa for kor mykje flytrafikk som kan tillatast, gjeven, så lenge fly lagar støy.

Mange ynskje let seg likevel kombinera. Gode turløyper og naturområde er noko av det beste ein kan tilføra av verdiar, om ein ynskjer å selja bustadar i eit område. Utbyggjar har difor all mogleg interesse av å ta godt vare på desse føremonane i Bømoen, og syta for at området framleis kan nyttast til turar og rekreasjon for alle som ynskjer det. Det er ikkje slik at alle vil bu i sentrum. Det finst og dei som føretrekkjer å bu ein stad der det er kort veg til natur og turløyper.

I VOSS HØGRE har me ikkje programfesta kor mange bustader eller kva form for utbygging me eventuelt ynskjer oss i Bømoen. Kommunestyregruppa vil difor vera fristilt når det skal røystast over planen. Me er heller ikkje heilt samde om korleis Bømoen bør sjå ut om 30 år, men me er samde om følgjande:

  • Bømoen treng ein heilskapleg plan, som både dei som faktisk eig området, og mangfaldet av interessegrupper som ynskjer å nytta det, kan leva godt med.
  • For at ein skal kunne ta vare på og halda ved like verna bygningar, turløyper og andre aktivitetsområde i Bømoen, må området sikrast inntekter.
  • Debatten om Bømoen si framtid må attende til det konstruktive sporet han var i den gongen moglegheitsstudien for området vart lagt fram. Den gongen såg dei mange frammøtte moglegheiter for området. Dei moglegheitene finst framleis, og det er dei som har danna grunnlaget for utkastet til områdereguleringsplan som no ligg føre.

Kommunestyregruppa til Voss Høgre: Iril Schau Johansen, Svein Erik Burud, Sveinung Riber, Derya Ciftci, Katrine Matthiessen og Fredrik Fjose

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.