annonse

Framtidsretta?

EVENTYR?
EVENTYR?: Samferdslesatsing mellom Arna og Voss, med konsekvensar mellom anna for Bømoen, er kostnadsrekna til 33,4 millionar. Trygve Refsdal spår overskridingar, og stiller spørsmål om det vert så attraktivt å pendla likevel – med dei konsekvensane det også får for utbygging på Voss. Illustrasjonen er frå K5-planlegginga gjennom Vaksdal. (Foto: Norconsult)

Samferdslesatsing mellom Arna og Voss er kostnadsrekna til 33,4 millionar. Trygve Refsdal spår overskridingar, og stiller spørsmål om det vert så attraktivt å pendla likevel – med dei konsekvensane det også får for utbygging på Voss.

I februar i fjor leverte konsulentselskapet Asplan Viak ei såkalla «Mulighetsstudie». Som det heiter i ei pressemelding: «På bestilling av fylkesmann Lars Sponheim, har Voss og Vaksdal kommune bedt Asplan Viak analysere hvordan de nye stoppene på Bergensbanen vil kunne utvikle seg til naturlige bydelssentre rundt storbyen Bergen.»

Etter beste evne har eg her leitt etter ein «analyse», men finn ikkje noko som liknar på det. Men her er mange draumar, enkle honnørord og visjonar. Meir som eit eventyr, fråkobla økonomi og realisme. Studien burde, sjølvsagt, vorte lagt ned i ei skuffe for å samla støv der.

«15.000 boliger og 7.500 nye arbeidsplasser i årene som kommer – en reell mulighet, mener Asplan Viak og ordførerne i Voss og Vaksdal.» Dette fortalde ei pressemelding. – Ja, det vert femten gonger Bømoen, og sju gonger så mange arbeidsplassar som i eit tidlegare Vossaeventyr. Det om NST, Nordisk Språkteknologi. Då var det ‘berre’ snakk om vel tusen arbeidsplassar.

Vel. Ein av dei på Voss som har fått til noko, både med økonomi og arbeidsplassar, seier det slik: «På Voss er me svært flinke til ein ting, og det er å byggja luftslott.»

Litt om økonomien. Samferdslesatsinga mellom Arna og Voss, K5, er kostnadsrekna til 33,4 milliardar. Ein vanleg kostnadssprekk i slike saker, frå planlegging til ferdigstilling, er 40% auke. Då er me oppe i 46 milliardar. Dette kan samanliknast med den store samferdslesatsinga i Øresund-regionen, med bru, bane og veg mellom København og Malmø. Ho har kosta 31 milliardar danske kroner. I denne regionen bur det 3,5 million menneske, her er 15 universitet og 120.000 studentar. Er det nok at Bergen er ein «storby»?

Studien gjev seg ut for å vera «framtidsretta». Men i framtida kan trafikken knapt veksa slik den har gjort i åra bak oss. Då havnar me i drivhuset. Difor må staten slutta å subsidiera trafikk og mobilitet, og trafikantane bør då betala det reisa reelt kostar. Det betyr høge bompengar.

Om kostnaden her vert 46 milliardar, og trafikantane kvart år betaler så lite som ein prosent av dette, så må det krevast inn 460 millionar kvart år av dei som reiser mellom Arna og Voss, eller godt over éin million kroner kvar dag. I hundre år framover. Då er det kanskje ikkje så attraktivt å pendla? Trass i at ‘mulighetsstudien’ fortel oss at frå Bergen vil «Vaksdal bare ligge 15 minutter unna, mens Voss vil ligge 37 minutter unna».

Ikkje eit ord om samferdsleøkonomi i «studien». Alt er gratis der, slik det er i dei fleste eventyr.

Trygve Refsdal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.