annonse

Gå i takt for Vikafjellstunnelen!

TUNELL GJENNOM VIKAFJELLET
TUNELL GJENNOM VIKAFJELLET: Kartskissa viser planen for tunell gjennom Vikafjellet. Per Olav Opheimshaug meiner at her må det påverkast. – Ein har ikkje ein dag å miste. (Foto: Kart)

Den 1. januar 2018 tredde NTP 2018-2029 i kraft. Nye prosjekt er sett i gang, fyrste salva for Gotevikstunnelen mellom Vik og Vangsnes gjekk måndag 8. januar.

Fire dagar før gjekk fyrste salva på gigantprosjektet E39 Rogfast.

I SAME NTP 2018-2029 er Vikafjellstunnelen inne med ein merknad:

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen til stortinget om Nasjonal transportplan 2018–2029 Innst. 460 S. Rv. 13 Vikafjellet:

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre viser at:

Vikafjellstunnel med tilstøtende tiltak vil ha en høy kostnad, hvorav selve tunnelen er anslått til 3 mrd. kroner og tilstøtende tiltak til 1,9 mrd. kroner. Flertallet mener det er behov for å gjøre ytterligere utredninger for å se om kostnadene kan reduseres, men hvor det fortsatt oppnås tilstrekkelig vintersikkerhet på denne strekningen, med sikte på at prosjektet kan bli aktuelt for neste rullering­ av NTP.»

Statens Vegvesen har fått klarering til å planleggje utgreiingsarbeid for rv. 13 Vikafjellet som grunnlag for ev. prioritering i neste NTP, men dette er dessverre ikkje med i kommande handlingsprogram.

Handlingsprogrammet til NTP utforma av Statens Vegvesen for 2018-2023 (2029) har no vore ute på høyring hjå fylkeskommunane og dei større byane fram til 31.12.17. I dette handlingsprogrammet var ikkje Vikafjellstunnelen omtala, eg synest at i framlegg til planen må Statens Vegvesen føye seg etter merknaden og i forkant leggje dette inn i sin foreslåtte handlingsplan. Handlingsprogrammet skal vedtakast av vegdirektøren i februar 2018.

Her må det påverkast, tida går fort og ein har ikkje ein dag å miste.

Om tre år er NTP under rullering på nytt i stortinget og då må underlaget føreliggje. Utgreiingsarbeidet må være ferdig innan tidleg 2019 i forhold til den førebels tidslinja for framdrifta til NTP.

FRÅSEGN TIL STATENS Vegvesen sitt handlingsprogram frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune 21.11.17:

«Fylkestinget registrerer også at rv. 13 Vikafjellet ikkje er inne i handlingsprogrammet for heile tolvårsperioden. Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman til eitt fylke frå 2020. Det er viktig at tunnel gjennom Vikafjellet vert realisert for å betre kommunikasjonane mellom administrasjonsstadane Bergen og Leikanger.»

Det er flott å sjå interesseselskapet Fjordvegen rute 13 som strekkjer seg frå Nord-Jæren til Sunnfjord gjennom fylkeskommunane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane samrøystes har tunnel gjennom Vikafjellet plassert øvst på lista for sine prioriteringar.

Sogn Regionråd har sendt innspel til fylkeskommunen 02.11.17 og ber om at det blir sett i gang utgreiing av prosjektet Vikafjellstunnelen snarast moge­leg i 2018. På regionrådet sin handlingsplan er ansvarleg for å vidareføra dette arbeidet ikkje landa enno. Her må det setjast ned ei gruppe med ein leiar som jobbar nettopp for Vikafjellstunnelen. Det er svært viktig med ein slik nøkkelperson for å halde kontinuitet i arbeidet. Eit forslag til person som kan være leiar eller med i denne gruppa er tidlegare ordførar i Vik kommune, Marta Finden Halset.

No blir det forventa at Statens Vegvesen tek denne merknaden frå transport og kommunikasjonskomiteen og ulike fråsegner til etterretning og går i takt med det fleire politiske organ og organisasjonar ynskjer i denne prosessen.

Under framstillinga av prosjektet Vikafjellstunnelen til noverande NTP blei det lagt til grunn 5 milliardar kroner som ein kostnad på prosjektet. Dette var ein medverknad til at prosjektet fekk tommelen ned pga for høg kostnad. Eg trur neppe det blei lagt fram då Lærdalstunnelen skulle vedtakast at resten av Lærdalsdalen måtte opprustast på same prislappen. Dette var feil framlagt, noko som er veldig uheldig, det er ein tilnærma flat tunnel gjennom Vikafjellet frå Kvassdalen til Bødalen på 14,9 km som ein no må fokusera på.

UNDER STATENS VEGVESEN sitt utgreiingsarbeid i 2018:

  • «Nye Veier» som er eit heileigd statleg selskap under Samferdsledepartementet får delta i utgreiingsarbeidet. Det har vist seg at frå etableringa i 2015 har dette nystifta selskapet til regjeringa saman med entreprenørar og kommunar funne smarte løysningar som gjev store innsparingar og ein raskere planprosess i samferdsleprosjekt.
  • Kan «Nye Veier» sjå synergien med å plassere overskotsmassar frå tunnelen som rassikring i Kvassdalen? Det vil føre til kort transport av steinmasse som likevel treng plassering.
  • Prosjektet riksveg 13 Vikafjellstunnelen må dra nytte av «Nye Veier»-effekten når det gjeld evna til å tenkje og utløyse kostnadsreduksjon.
  • Vikafjellet er full av den dårlege fjellkvaliteten fylitt, kan fullprofilboring vere eit kostnadsreduserande tiltak?
  • Vil Myrkdalen Fjellandsby kjøpe steinmassar til bruk i si massive utbygging i Myrkdalen?
  • I den generelle beskrivelsen «tilstøytande tiltak» med kostnad utover sjølve tunnelen, må desse beskrivast og vurderast om det i det heile er nødvendig i dette prosjektet.
  • Ved ein tunnel på 14,9 km vil det utløyse full vintertryggleik og påliteleg veg med store økonomiske og miljømessige fordeler, inklusiv transportreduserande utgifter, samla sett føre til store ringverknader for regionen.
  • Etter 2020 er Sogn og Fjordane og Hordaland smelta saman til eitt fylke og kommunikasjonen mellom dei 2 tidlegare fylka må betrast deretter, inklusiv påliteleg flyt av gjennomgåande kollektivtransport.

Dette er nokre viktige punkt som må vektleggjast.

INNAN PÅSKE 2018 bør Statens Vegvesen kunne informere om korleis det går med utgreiingsarbeidet for prosjektet riksveg 13 Vikafjellstunnelen, håpar verkeleg dei har fått «Nye Veier» med på laget.

Den 8. mai 2018 skal Fjordvegen rute 13 ha årskonferanse i Vik i Sogn, dette vil vere ein god arena for å diskutere framdrifta for riksveg 13 Vikafjellstunnelen. Om fleire interessegrupper og personar blir samla som fylkeskommunane, Sogn regionråd, representantar frå transport og kommunikasjonskomiteen, Statens Vegvesen, Myrkdalen Fjellandsby, Vik Næringssamskipnad og Liv Signe Navarsete, vil dette bli veldig bra.

Når ein ser inn i krystallkula, er det stort håp om framgang i prosjektet så lenge Statens Vegvesen innfrir mange instansar sitt ynskje og det ei nærare utgreiing av prosjektet før neste rullering av NTP.

Per Olav Opheimshaug, Vik i Sogn

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.