annonse

Gamal medisin verkar lite

OMSTRIDD TOMT
OMSTRIDD TOMT: Diskusjonen går høgt om kva denne tomta i Skulestadmo skal brukast til. – No prøver dei seg på same medisinen i Skulestadmoen som på Tvildemoen – utan å tenkja på at dei fekk Vossapakka til å betala for Vangstunnelen, som gjorde Skulestadmoen til handletorg for alle vossingar, skriv Kjartan Rødland. (Foto: Rolf Tepstad)

Rett som det er, er det både klokskap og fornuft i det varaordførar Sigbjørn Hauge har å koma med.

Men no har han fått med seg praktisk talt heile formannskapet i å falla tilbake til gamle synder, med ja til bilsaker og elektronikk i Skulestadmoen, men nei til den svenske Rusta-butikkjeda – fordi vareutvalget er for breitt! Ja menn bra at ikkje IKEA prøvde seg, for breiare vareutval enn der finn du ikkje! Det er vel heller slik at dei folkevalde ikkje vil ha svenskar i Skulestadmoen, i alle fall ikkje om dei sel billeg, for det gjer Rustabutikkane.

Det er gamal tradisjon på Voss dette. Dei som held på å verta gamle, hugsar den årelange striden om kongresshall på Vangen – i hovudsak fordi dei var redde for at det skulle koma Remabutikk på Vangen, til plage for andre handlande. Det enda med kulturhuset, eit staseleg bygg, men dei som absolutt ville ha kultur, fekk ta seg fram til fots som best dei kunne, på isholka stiar tvers gjennom ein bensinstasjon, for noko så ufyseleg ukulturelt som parkeringsplassar ville dei ikkje ha i nærleiken.

Det var ikkje alltid politikarane sa nei, men dei fann alltid på utsetjingar. Det kunne ikkje falla dei inn at Haugamoen hadde noko med Vangen å gjera, så Amfisenteret prøvde dei å hindra, utan å oppnå anna enn at senteret måtte krevja parkeringsbetaling, ikkje fordi dei ville, men av omsyn til dei forretningar som hadde kommunal nåde.

Palmafossen fekk veksa i fred, for ingen politikarar kunne førestilla seg at nokon frivillig ville dra dit for å handla. På Tvildemoen prøvde dei nye knep, nokre butikkar fekk lov å flytta dit, andre ikkje.

Det verka heller ikkje, så no prøver dei seg på same medisinen i Skulestadmoen – utan å tenkja på at dei fekk Vossapakka til å betala for Vangstunnelen, som gjorde Skulestadmoen til handletorg for alle vossingar.

Det var ikkje mykje jubel mellom politikarane då bønder og kapitalistar prøvde å få i stand noko nytt i utkanten Myrkdalen.

Det var ikkje kommunen som hjelpte fram mirakelet, det kom trass i politikken, der også. Som om ikkje det skulle vera nok, greidde dei å få utsett nybygget til Sparebanken i det lengste – endå alle i dag kan sjå at dette bygget er ein pryd for baksida av Vangen.

Professor Victor Normann prisa dei som gjenreiste Vangen etter krigen, til den beste småbyen i landet. Det var sant – til langt ut på 1980-talet, men det var ein småby for si tid, ikkje den framtida som no er samtid. Vangen held på å verta det by etter by har vorte, ein stad for god mat og mykje moro.

Politikarane er som dei gamle legane, som trudde honning og rigabalsam var kur for all sjukdom. Det verka heller ikkje. Når ingen ting av det rette hjelper, så får ein ty til det nest beste: La kundar og handelsmenn sjølve avgjera kva dei treng og kvar dei vil ha det!

Kjartan Rødland

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.