annonse

Gradvis og moderat utbygging av Bømoen

BØMOEN
BØMOEN: – Eigarane av eit så stort og sentralt areal som Bømoen må ta utspela ovanfrå på alvor, skriv Trygve Refsdal i Ordet fritt. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Det har vore stort engasjement mot planane for bustadbygging i Bømoen. Aller mest frå dei som brukar flyplassen, og som har eit stort arealkrav.

I nokre år har det vore mykje bygging på Voss. Dels etter eit utspel ovanfrå. Ein «mulighetsstudie», tinga av Fylkesmannen i Hordaland og Bergen, fortel at folketalet kan doblast. – Då må det, mellom anna, byggjast 6500 nye husvære i Vaksdal og Voss. – Kring dette har det vore lite debatt, og frå sentale politikarar har det mest vore jubel og glede.

Det må vera desse dristige føringane ovanfrå som ligg bak ymse utspel som no skapar debatt. Mellom anna planane for K5, for ein ny Gondol og for Bømoen.

Eigarane av eit så stort og sentralt areal som Bømoen må ta utspela ovanfrå på alvor. Med tusen nye bustader der tek dei kanskje sin del av den store jobben det er å få plass til dei 6500 nye husværa som trengs om folketalet skal doblast.

Sjølv synest eg utspela ovanfrå er altfor luftige og tankelause, og at planane for Bømoen difor er altfor store og omfattande. Men det må vel finnast ein mellomveg? I fyrste omgang kunne det kanskje vera 20-40 bustader, med opning for ein viss auke med tida, slik det er gjort med byggefelt på Kyte, til dømes?

Med ei slik gradvis og moderat utbygging kan interessene til ålmenta og til friluftslivet takast godt vare på. Bømoen er på over 2000 dekar. Om me samanliknar med Prestegardsmoen, som òg er viktig for friluftsliv og rekreasjon, så er Bømoen femten gonger så stor.

Trygve Refsdal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.