annonse

Grønt lys for Hjeltnes som produksjonsskule?

OPP TIL FYLKESKOMMUNEN NO
OPP TIL FYLKESKOMMUNEN NO: Anders Kristoffer Oppheim og Terje Breivik (til venstre) i tunet på Hjeltnes, der det har vore drive skule sidan 1901. – Dersom Hordaland fylke, politikarar og administrasjon, er raske, kan dei gjera vedtak om produksjonsskule straks. Dette er mitt joleynskje til Nissen i år, skriv Steinar I. Bergo. (Foto: Terje Hjartnes/Arkiv)

No er det «lagnadstund» for Hjeltnes si framtid som produksjonsskule. Svaret bør kunna gje seg sjølv, men det hastar!

På Hjeltnes har det i 116 år vore ein skule som har vore grunnlaget for fruktnæringa, gartnarnæringa og seinare for anlegg og blomsterdekoratørar. Mange av gartnarane­ som har utgjort fagkunnkunnskapen i Noreg, har starta si utdanning på Hjeltnes.

Talet på elevar har svinga med konjunkturane i gartnarnæringa, men dødsstøyten gav politikarane med Reform 94 og vedtaket om fritt skuleval. Det store skulle vera studiekompetanse for alle. Dette fekk ein både umogeleg og uynskt effekt. Stor mistrivnad og stort fråfall vart konsekvensane. I tillegg fekk me mangel på praktikarar, som i stor grad har vorte kompensert av utanlandsk arbeidskraft.

Den endelege dødsstøyten for Hjeltnes vidaregåande skule kom med vedtaket om fritt skule­val. Det høyrest så flott ut, men resultatet vart fritt val for «dei flinke», dei som har teke ut sitt potensial i ungdomsskulen, til dømes. Desse kan velja seg ein eliteskule ein eller annan stad og få bortebuarstipend. Dei med svakare karakterar må ta det dei får.

Når der er val i dette landet, lokalt eller nasjonalt, så er skule alltid eit tema. Alle har gått på skulen og har meiningar om denne. Problemet er at dei aller fleste er utdaterte på temaet. Skulen er ein dynamisk organisasjon som er mykje annleis enn då dei fleste politikarane gjekk der. Resultatet er at dei gjerne tenkjer til beste for skulane og brukarane, men ser ikkje konsekvensane fullt ut.

Hjeltnes gartnarskule/vidaregåande skule fekk nytt undervisningsbygg i 1999. Det kosta om lag 30 millionar. Seinare er internata vorte oppgraderte. Det er få skular som kan tilby kantine og internat der elevane vert tekne hand om som på ein folkehøgskule eller i ein heim. Somme vil seia at han ligg litt for langt unna Bergen. Til det kan ein svara at det er nettopp føremonen. I tillegg kan nemnast at det går ti bussar til og frå Hjeltnes kvar dag, og med ungdomskort og tog er ein i Bergen på eit par timar utan at dette kostar så mykje!

Skulen har så flotte omgjevnader og så mange tilbod om planter, steinlegging, bygg, trepleie, plantevern, frukt, blomster, mat, sertifikat (maskiner, motorsag, sveising) ..., for å nemna det eg kjem på i farten. At skulen vart nedlagd som vidaregåande skule, er ein kulturell og fagleg tragedie. Pengane styrer! 30 millionar for 18 år sidan, gjort av andre politikarar, betyr ingenting i dag. Men kva med den fagleg-kulturelle sida og alle forteljingane om elevar som har fått orden på livet sitt i eit trygt miljø med mange vaksne? Nett det miljømessige og vaksentettleiken har gjeve ein unik kontakt og ei god oppfølging. Kva dette igjen har spart samfunnet for, burde dei som ser på pengane ta med i reknestykket. Den menneskelege sida er ikkje av mindre verdi. Slike «konfidensielle» lukkelege resultat vert vanskeleg å konkretisera. Politikk er kontaktar mellom folk og parti som har tyngde politisk. Avgjerdene vert gjorde etter samarbeid og kjøtvekta, gjerne ikkje etter menneskeleg klokskap og kunnskap.

No er det «lagnadstund» for Hjeltnes si framtid som produksjonsskule. Svaret bør kunna gje seg sjølv, men det hastar! Som avdanka lektor og filolog ved Hjeltnes vgs. som berre har vore i soknerådet og aldri i heradsstyret, er vel vona lita for at eg vert høyrd. Men gode argument og sunn fornuft, burde kunna brukast framleis?

Norsklæraren på Hjeltnes som har undervist asylantar i lang tid, sluttar 1. januar 2018. Å skaffa ny kan verta vanskeleg. Men dersom Hordaland fylke, politikarar og administrasjon, er raske, kan dei gjera vedtak om produksjonsskule straks og tilsetja ein lærar som under­viser i norsk og byrjar planlegginga av skulestarten i august 2018.

Dette er mitt joleynskje til Nissen i år. I motsetnad til mange, så trur eg han for tida oppheld seg i Hordaland og ikkje på Nordpolen.

Folk er viktigare enn ting og pengar. God jol til politikarane og byråkratane i Hordaland fylke!

Steinar I. Bergo, pensjonert lektor ved Hjeltnes vgs.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.