annonse

Har du høyrt om «Rognebyen»?

FRYKTAR BUSTADBLOKK
FRYKTAR BUSTADBLOKK: Anna Margreta Gravelsæter (framme t.h.) ber om at Voss kommune må verna om dei, og om grendapreget og bygdepreget på Rogne. (Foto: Stine Strand Carlsen)

– Ein heil by, med 160 leilegheiter pluss 40 elevhyblar pressa inn på ei tomt på 13,4 mål – eg kan ikkje tru at det er ei slik fortetting dei vil ha, skriv Anna Margreta Gravelsæter i Ordet fritt.

Voss er ei bygd. Me som er fødde og oppvaksne her er stolte av bygda vår, me er glade for at det er ei bygd og ikkje ein by, og me er glade for at Voss har klart å halda på bygdepreget – det å vera ei bygd har med identiteten vår å gjera.

Når eg reiser til Bergen, som er ein by med eit veldig bustadpress og kjempestore bustadbehov, ser eg at det dei siste åra har reist seg store bustadkompleks – veldige høgblokker med mange etasjar, f. eks på Nesttun og på Lagunen.

Eg er glad for at Voss ikkje har slike.

Rogne er ein del av ei tradisjonsrik grend som omfattar Ringheim, Mølster og Rogne. Der ligg det fine gardar og småhus. Slik har det vore ned gjennom tidene, slik er det no.

Då sjukehuset vart bygt, braut det med den vanlege bygningsmassen, men det vart ynskt velkommen av alle, for det var viktig med ei sentral plassering. Folk ville ha sjukehuset der, og arkitektane var og flinke til å leggja det fint inn i terrenget – det ruva ikkje, sjølv om det hadde 4 etasjar. Alle var fornøgde med sjukehuset.

Då 3-H skulen vart bygd mange år seinare, vart det strid i bygda – ein stor folkeaksjon prøvde å hindra det. Skulen kom der likevel. Men sjølv om dei tre største bygga har 3-4 etasjar, dominerer dei ikkje heile miljøet sidan det er store, frie areal rundt dei.

No føreligg det store planar for dei eksisterande bygga, og ikkje minst for tomta. Blokkene skal byggjast på opptil 6 etasjar, parkeringsplassen og friarealet rundt skal og kunna få ei 6 etasjars høg blokk. Det skal byggjast på alle område rundt skulen. Utnyttingsgraden vil vera 200 prosent. Dette er ei så hard utnytting av tomta at det vil endra heile miljøet på Rogne.

Å laga dei tidlegare skulebygga om til leilegheiter – det låg vel nesten i korta då Rogne VGS vart seld. Dei romslege bygningane innbyr til det, men å byggja på kvar blokk fleire etasjar og å tetta att dei grøne områda rundt med betongblokker, det vil vera å øydeleggja dette området i grenda. Utbyggjarane seier det jo sjølve: Dei vil byggja «Rognebyen».

Det seiest at Voss kommune er positive til ei fortetting i sentrumsnære strok. Men ein heil by, med 160 leilegheiter pluss 40 elevhyblar pressa inn på ei tomt på 13,4 mål – eg kan ikkje tru at det er ei slik fortetting dei vil ha.

Lat oss sleppa å få ein by her! Ikkje ta frå oss bygda vår! Ikkje ta frå oss identiteten vår!

Det som gjer Voss attraktivt, for oss som bur her og for turistar, er nettopp at det er ei bygd. Ikkje ta frå oss den internasjonale merkevara Voss.

Voss kommune må verna om oss – om grendepreget og bygdepreget.

Anna Margreta Gravelsæter

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.