annonse

– Har politikarane mista hovudet i Bømoen-saka?

KRITISK
KRITISK: Bjørn Brunborg meiner den store bustadbygginga er bra for utbyggjarane, men uheldig for oss andre. (Foto: Karl Ystanes/Arkiv)
PLANEN FOR BØMOEN
PLANEN FOR BØMOEN: Skissa viser korleis 3RW Arkitekter har planlagd utbygginga av Bømoen, med bustader innteikna i vestre delen, nærast Palmafossen. (Foto: 3RW Arkitekter)

– Politikarane vurderer å tidobla den økonomiske verdien på området ved å tillata bygging av inntil 1000 bueiningar. Det er tankelaust.

Dei nye eigarane av Bømoen har vore dyktige. Dei gjorde eit kjempekupp då dei fekk kjøpa Bømoen for ein slikk og ingen ting.

Den viktigaste grunnen til at dei fekk så liten konkurranse i bodrunden, var at politikarane hadde bestemt at Bømoen ikkje skulle tilretteleggjast for bustader, men rekreasjon. Det var dermed vanskeleg å skapa inntekter ut over dei inntektsressursane som alt låg der.

Eigarane føreslår no storstilt bustadutbygging. Det er fornuftig for selskapa deira fordi det vil skapa store inntekter.

For oss andre er det derimot uheldig.

Voss er kjent for friluftsliv og rekreasjon. Difor var det fornuftig av politikarane å vedta at Bømoen framleis skulle vera eit rekreasjonsområde.

Politikarane våre vedtok også at kommunen, vossingane i fellesskap, ikkje skulle kjøpa Bømoen. Det var kanskje ikkje fullt så fornuftig, men kunne forsvarast fordi området framleis skulle forvaltast som rekreasjonsområde. Slike ting er det, som kjent, politikarane som bestemmer.

Men no har dei samme politikarane ombestemt seg. Uten at det er lett å sjå kvifor. Dei vurderer å tidobla den økonomiske verdien på området ved å tillata bygging av inntil 1000 bueiningar. Det er tankelaust. Hvis politikarane har hatt slike planar, var det uforståeleg at området ikkje blei kjøpt av kommunen.

Det er også dårleg gjort overfor dei andre bodgjevarane som trudde på politikarane og som ikkje la inn bod den gongen Bømoen blei solgt.

Det ser ut til å vera høgrepartia på Voss som er mest positive til utbyggjingsplanane på Bømoen. Det er nesten rart, for her er det ikkje mykje som liknar på konservativ klokskap. Dette er radikal dumskap i blanding med naiv liberalisme og blårussaktig tillit til marknadskreftene. Viss Edmund Burke, grunnleggjaren av konservativ politikk, hadde levd, ville høgrepolitikarane på Voss fått ei grundig lekse.

Mange politikarar ser ut til å meina at dei viser handlekraft ved å ta kjappe beslutningar. Litt som Donald Trump. Dette er ei misforståing. Kjappe beslutningar uten kunnskap er ikkje handlekraft, men gambling. Ein er avhengig av flaks og andre for at det skal gå bra.

Handlekraft er derimot å ta raske beslutningar fordi ein har kunnskap og kontroll. Handlekraft er å styra og å slå til når tida er inne. Fordi ein forstår.

I forhold til folketalet, har den planlagte utbygginga av Bømoen enorme dimensjonar. Det er som om Oslo skulle godkjenna ei utbygging for 300.000 innbyggjarar i Nordmarka. Uten særleg diskusjon og uten brei samfunnsanalyse.

I motsetnad til Oslo, er ikkje Voss eit pressområde. Voss treng ikkje ei storstilt utbygging av Bømoen. Me står med andre ord i fare for å erstatta eit eineståande rekreasjonsområde med noko me ikkje treng og som mest sannsynleg har mange uheldige konsekvensar.

Me veit ikkje kva salgs behov som vil komma i framtida, men me veit at god utvikling krev god og brei planlegging. Det er sannsynleg at ei grundig vurdering vil konkludera med at det viktigaste for Voss er å gjera området i og rundt Vangen meir attraktivt. Det vil skapa både næringskraft og betre livskvalitet. Dette har politikarne også snakka om i årevis. Uten at dei har vist særleg handlekraft.

All fornuft tilseier at Voss dei nærmaste åra bør prioritera å utbetra dei områda som alt er utbygde og som har klare funksjonelle manglar. Politikarane bør prioritera kvalitet framfor kvantitet.

Med politikarar som interesserer seg for planlegging, vil vossingane få det betre. Både økonomisk og sosialt.

Kva slags behov som oppstår i framtida er det ingen som veit, men å opna for utbygging av Bømoen no er svært lite fornuftig. Eller for å vera ærleg: Det er rett og slett dumt.

Bjørn Helge Brunborg

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.